Utløyste stort skred på Strynefjellet – forskarane jublar

12 år etter førre forsøk lukkast forskarar med å utløyse eit snøskred i fullskala. Funna kan hjelpe forskarane til å finne ut korleis snøskred oppfører seg.

SJÅ VIDEO: Forskarar sprengde ned ein snøskavl og skapte eit kjempeskred.

– Ein må ha utruleg med tolmod og det er derfor alle er kjempeglade for at vi endeleg fekk eit stort nok skred som kan gje oss svar på spørsmåla vi har, seier Christian Jaedicke.

Han er seniorspesialist for snøskred i Norges Geotekniske Institutt (NGI). Dei har spesialisert seg på forsking og utvikling med tanke på å finne sikre løysingar, til dømes for vegar, bygg og anna infrastruktur.

Har venta og venta

I 10 år har målet vore å få til eit fullskapa snøskred på Strynefjellet, overvaka av forskarane. men inntil nyleg har det vore labert med snø i området. Først søndag 11. april fekk forskarane full klaff i Grasdalen då dei sprengde ned Ryggfonna.

– No kom det eit skikkeleg stort påfyll av nysnø i slutten av påska som sat ganske dårleg på det gamle underlaget. Dermed var det mogleg å utløyse eit stort skred, seier Christian Jaedicke, seniorspesialist for snøskred i NGI og prosjektleiar for forskingsprosjektet på Strynefjellet.

Medan entreprenørar har sprengd ned snøskavlar for Vegvesenet for å hindre skader på veg og bygningar fleire gongar, skjer det ikkje ofte at forskarane får gjort målingar i ein slik skala.

– Dette forsøket gjekk over all forventning. Vi er svært nøgde med resultata, seier NGI sin skredekspert i Stryn, Henrik Langeland til Møre-Nytt, som fyrst omtala saka.

Vanlegvis blir snøskred utløyst av samansetninga snø, vêr og vind eller menneskeleg aktivitet. At ein sprengjer ned snøskavlar er ikkje ofte. I alle fall ikkje i forskinga sitt namn.

utløyte snøskred Strynefjellet Grasdalen

STORT SKRED: Skredet vart målt til 4 på ein skala frå 1 til 5.

Foto: NGI

Stort forskingsprosjekt

Utløysinga av snøskredet er ein del av eit stort forskingsprosjekt som har gått føre seg heilt sidan 70-talet, finansiert via ei direktebevilling frå Stortinget. Meininga er å forsøkje å finne ut av korleis eit snøskred fungerer.

– Vi vil vite korleis skredet bevegar seg. På filmen ser man berre ei stor støvsky som kjem ned. Men vi veit at inne i den støvskya så går det føre seg mange spennande prosessar.

Grasdalen på Strynefjellet er den einaste staden i Noreg kor ein sprengjer ned ekte store skred. Det er også ein av berre to stader i heile verda, saman med ein dal i Sveits.

– I skredløpet står det ei rekkje instrument som er plassert slik at vi kan observere trykk, hastigheit og kor høge laga i skredet er, seier Jaedicke

Kan bli lenge til neste sjanse

På ein skala frå 1 til 5 vart skredet målt til størrelse 4.

– Det vil seie at skredet er så stort at det går heilt ned til dalen og er eit skred som vil kunne øydelegge hus eller andre bygningar, fortel Jaedicke.

– Vi veit sånn ca. at det gjekk mellom 10 og 20 tusen kubikkmeter. Hastigheita er målt til ca. 50 meter per sekund, legg han til.

No er det berre for forskarane å smørje seg med enda meir tolmod før dei kan oppleve dette igjen.

– Det er utruleg vanskeleg å få det til. Kanskje må vi vente 10 år på neste, men vi håpar at det ikkje blir så lenge, seier Christian Jaedicke.