Hopp til innhold

Rekordmange tok turen til Skjerjehamn i helga

– Vi har ikkje hatt ein tre dagars festival som har hatt så mange besøkande før, seier Viggo Randal. Fint vêr lokka mange til Gulen då Utkantfestivalen vart arrangert i Skjerjehamn i helga.

Utkant 2019

REKORD: Tre dagar med sol, varme og god musikk lokka mange til Utkantfestivalen i helga. Totalt var det 12400 innom, noko som er rekord.

Foto: Emil Rasmussen

Festivalsjefen er godt nøgd med årets arrangement, og det med god grunn. Totalt var det 12400 festivaldeltakarar innom Skjerjehamn i helga.

– Eit eventyr

På laurdag måtte dei sette ei salsgrense på 4500 billettar. Festivalen var full.

– Vi kunne ikkje fantasert om betre vêr enn det vi har hatt. Det har vore mange besøkande og god stemning, frå start til slutt, seier ein nøgd festivalsjef.

Skjerjehamn/Utkant

NØGD: – Det har vore ei fantastisk helg, seier Viggo Randal. Han er festivalsjef for Utkantfestivalen.

Foto: Åsta Urdal

Sjølv godt vêr kan by på utfordringar. Randal fortel at dei til tider opplevde å ha for lite vatn på festivalområdet.

– Eg trur Nordhordland og Gulen er tom for flaskevatn, seier han lattermild.

Alt i alt ordna problema seg greitt, og Randal seier helga kunne ikkje vore betre.

– Kan du beskrive helga med tre ord?

– Godt vêr, godt humør og eit eventyr, rett og slett, avsluttar han.

Utkantfestivalen - laurdag
Foto: Emil Rasmussen
Det var god stemning og rekordmange gjester under laurdagens konsertar på Utkantfestivalen i Skjerjehamn i Gulen. På laurdagen stod blant andre Thea Hjelmeland, Bjørn Eidsvåg, Karin Park, Skambankt og Oslo Ess på scena.
Utkant 2019.
Foto: Emil Rasmussen
Det var stor stemning og rekordmange gjester under fredagens konsertar på Utkantfestivalen i Skjerjehamn i Gulen. Ifølgje arrangøren var det kring 4000 menneske innom portane i løpet av fredag. – Det var 30 grader heile dagen, kjempestemning og fantastiske konsertar. Det kunne vore betre, seier festivalsjef Viggo Randal. På programmet fredag stod blant andre Black Debbath, Iris, Dagny, The Good, The Bad & The Zugly og White Denim.