Uthus brann ned til grunnen
Eit uthus brann ned til grunnen på Nautsund i Fjaler fredag kveld, opplyser politiet. Politiet fekk melding om brannen i 19.22-tida. Uthuset stod 6–7 meter frå hovudhuset. Det skal ikkje ha budd folk på bruket, opplyser politiet.