Hopp til innhold

Utgreidd 14 gonger på 20 år

Men regjeringa vil ha fleire utgreiingar av Stad skipstunnel.

Video nsps_upload_2009_2_4_15_21_50_1015.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Les og: Her er utgreiingane

Tegning Stad Skipstunnel
Foto: KYSTVERKET / SCANPIX

- Det har vore utgreiingar på utgreiingar, konsekvensutgreiar og så vidare. No tykkjer eg vi snart burde få denne saka fram til ei avgjerd, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp).

Sidan 1989 har Stad skipstunnel gått gjennom heile 14 forskjellige konsekvensutgreiingar. Berre sidan 2000 har det gått med sju millionar kroner til desse. Tilhengarane trur at tunnelen må vere blant Norges mest utgreidde prosjekt, og lista over utgreiingar er lengre enn lang.

Les og: Norges mest utgreidde fjellparti?

- Heilt utruleg

- Det er jo utruleg at det er brukt slike enorme ressursar, både økonomiske og menneskelege, når det gjeld berre 1700 meter med kjend, god granitt. Det er jo berre å sprenge fjell i ei tørrdokk og så sleppe sjøen inn, seier ordførar i Vanylven Jan Helgøy, han har kjempa for prosjektet i årevis, men framleis er det ikkje kome nokon tunnel.

Forkjemparane hadde trudd at dei siste utgreiingane i rekka skulle vere ferdig i år, men konsekvensanalysen av Kystverket sin rapport frå 2007 "Utredning av Stad skipstunnel" er ikkje ferdig, dermed vert det eit nytt storting som må fatte avgjerda om tunnelen.

- Det er berre at for kvart fjerde år får du eit nytt stortingsval og så stoggar det opp, seier Helgøy.

Kostar 1,7 milliardar

Stad skipstunnel vert 1700 meter lang og vil koste 1,7 milliardar kroner. Den skal kunne ta båtar på storleik med dei største hurtigrutene.

Fylkesordførarar Nils R. Sandal sitt håp er at tunnelen no kan kome fram i Nasjonal Transportplan som kjem til våren.

- Vi håpar at det kan kome inn gode formuleringar der som kan styrke dette prosjektet, seier han.

- Vil ikkje ha den opp til behandling

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik.

Trude Brosvik trur nokon ikkje vil ha tunnelen opp til politisk behandling.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Leiar i Sogn og Fjordane Krf Trude Brosvik seier rett ut det som mange tenker. At nokon eigentleg ikkje vil ha tunnelen oppe til avgjerd.

- Det er jo eit stort prosjekt, men det virkar som om det ikkje har vore vilje til å gjere noko, og så finn ein på nye ting å utgreie heile tida, seier ho.

- Kva tykkjer du om det?

- Det er jo synd for saka sin del. Eg tenker at eg ikkje skal gråte så mykje over det som har vore, men no er det absolutt på tide at ein kjem vidare her.

- Men Krf sat jo sjølv i ei regjering der ein sette i gang utgreiingar, men ikkje fekk til noko vedtak.

- Det er heilt sant. Det har vore gjort ulike ting under ulike regjeringar og det må ein kome vekk frå. Vi må få gjort dette på ein ordentlig måte, for det er eigentleg eit kjempeprosjekt, seier Brosvik.

- Ikkje så mykje pengar

Men kanskje er ikkje sju millionar kroner og 14 utgreiingar all verden til pengebruk for ein type tunnel som ingen har bygd før. Strategisjef i Statens vegvesen Region Vest Signe Eikenes er godt vand med å bore hol i fjell.

Ho tykkjer ikkje sju millionar kroner høyrest så mykje ut.

- Nei, sju millionar er ikkje nokon avskrekkande sum når ein skal jobbe med eit så stort prosjekt som Stad skipstunnel. Det er jo heilt banebrytande, så for meg virkar ikkje dette som spesielt høge tal.

Skrinlagt etter 60 mill.

Eikenes seier det er vanskeleg å samanlikne Stad skipstunnel med vegprosjekt. Men eit eksempel til kanskje skrekk og åtvaring har ho.

For nokre år tilbake vart planane om ein røyrtunnel på riksveg 13 under Høgsfjorden i Rogaland skrinlagt.

Nybrottsarbeid det også, men prislappen overgår det meste. Eikenes meiner det var snakk om vel seksti millionar utgreiingskroner då politikarane til slutt sa nei.