Utgifter knytt til størjefangst

Skipper Atle Nekkøy er sånn passe fornøgd med pengevinsten etter at han har selt all makrellstørja dei har fanga med MS «Bluefin» i sommar. Makrellstørje er rekna som verdas dyraste fisk, og er særleg ettertrakta på sushirestaurantar i Japan. Det er likevel mykje utgifter knytt til slik fangst, og Nekkøy seier at mykje av fortenesta har gått med til det. Han reknar med å sitte att med 3–4 millionar kroner.

M/S "Bluefin" lossar makrellstørje i Florø.
Foto: Wilhelm Støylen / NRK