Ein bil har køyrt av vegen mellom Innvik og Olden, opplyser politiet.
– Det var ein person i bilen, og vedkommande klagde på smerter i nakken, men seier seg uskadd, seier Espen Gulliksen ved Operasjonssentralen til Politiet.
Ulukka skjedde ved Frøholm mellom Olden og Innvik.
Førebels har politiet ikkje konkludert med kva som skjer med førarkortet til vedkommande.