Hopp til innhold

Utforkøyring i Etne

  • MISSER FØRARKORTET:

    Politiet tar førarkortet frå den 26 år gamle mannen som køyrde utfor ved Kyrping i Etne i kveld. Grunnen er at dei meiner han køyrde aktlaust då ulykka skjedde. Mannen hadde ektefelle og eit barn med seg i bilen. Alle tre er sende til sjekk hos lege.

  • TIL LEGESJEKK ETTER UTFORKØYRING:

    Tre personar er tatt med til legesjekk etter ei utforkøyring på E134 ved Kyrping i Etne. Bilen kom frå aust og hamna i fjellveggen på motsett side, melder politiet.