Borghild Tenden frå Stryn er førstekandidat for Venstre, og Akershus er eit regjeringsvenleg fylke. Tenden trur difor vippeposjonen vil gje henne eit brakval.
Borghild Tenden. Foto: Venstre
Taktisk stemmegjeving
Sidan juni månad har Venstre fossa fram med nærare seks prosentpoeng i Akershus. Det syner ei meiningsmåling utført for avisene Romerikes Blad, Østlandets Blad og Budstikka. Mykje tyder på at akkurat Akershus kan merke seg ut med taktisk stemmegjeving for at dagens regjering skal bli sitjande. Og då er Venstre nøkkelpartiet.
- No ser folk at det har noko føre seg å stemme Venstre, fordi vi kan fortsette med den regjeringa vi har, seier ho.
Gunvor Eldegard
- Veldig spennande
I same fylke sit også Gunvor Eldegard frå Årdal, som er ordførar i Ski kommune. Ho er Arbeidarpartiet sin fjerdekandidat i Akershus. Og også Eldegard kan rykke inn på Stortinget om AP gjer det skarpt. Så langt har målingane gått hennar veg.
- Eg har vore inne på alle målingane, så eg ser sjansane som veldig gode. Det er veldig spennande og moro om eg får komme inn på Stortinget, seier Eldegard.
Hugsar heimfylket
Og begge politikarane lovar å hugse på heimfylket Sogn og Fjordane dersom valet går deira veg.