Hopp til innhold

Ute med sin første musikkvideo

Berre eit par grader i eit iskaldt fjellvatn stogga ikkje Iselin Solheim (23). Då den unge songfuglen skulle spele inn sin aller første musikkvideo gav ho alt.

– Eg er berre så utruleg glad, og veldig spent på kva folk kjem til å seie, seier den unge kvinna som kjem frå Naustdal.

Hennar aller første musikkvideo blir lansert i desse dagar, og det boblar nesten over av følelsar på 23-åringen som kan skilte med å vere både artist, songar og låtskrivar.

– Eg har fått mange bra tilbakemeldingar til no. Men den er nettopp klar, så eg er spent på kva folk vil seie vidare, seier ho til NRK.no.

Legg bak seg ein fantastisk vår

Iselin Solheim har studert ved LIPA, også kjent som skulen til Paul McCartney frå The Beatles. I fjor sommar signerte ho platekontrakt med det nystarta Bisi Music og sleppte singelen «What’s happening».

Den unge artisten med den særprege stemma har til no i år lagt bak seg ein fantastisk musikalsk vår. I vinter kom ho inn på A-lista til NRK P1 med singelen «The Wizard of Us», og låta har berre blitt verande gjennom heile våren.

NRK sin musikkmeldar, Atle Bredal, var over seg av begeistring for sunnfjordjenta og gav ho 8 av ti poeng for singelen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Iselin Solheim

VIDEO: Iselin Solheim er veldig spent på tilbakemeldingane på hennar aller første musikkvideo. Biletet er frå videoen til 'The Wizard of Us'.

Foto: Pressefoto

– Viktig å få vise kven ein er

No er den vakre 23-åringen ute med sin aller første musikkvideo. Sjølv trur ho det er svært viktig å få vist kven ho er.

– Slik det er blitt i dag trur eg det er veldig viktig å få vist fram fjeset sitt. Både TV-promo, videoar og slike ting blir meir og meir viktig.

– Platebransjen blir mindre og mindre, og då er det greitt å få vise kven ein er og kva uttrykk ein har. Det spelar ei stor rolle, så dette er absolutt veldig, veldig viktig for meg, seier ho til NRK.no.

I musikkvideoen sit ho først i eit badekar, der ho forsvinn under vatn. Så kjem ho tilbake i eit fjellvatn før ho går gjennom fleire ulike typar landskap. Videoen er spelt inn på Norefjell og bak Bøler i Oslo.

– Vi prøvde å fange litt den trolske stemninga som er i låta, fortel Solheim.

– Kjente det stakk av kulde i heile kroppen

Og når ein skal spele inn ein slik video så er det ikkje berre glamour. Det ligg mange timar med hardt arbeid bak.

– Det var veldig, veldig moro. Men også utruleg mange utfordringar, fortel ho ivrig.

Nettopp innspelinga av scena der ho skal kome opp frå eit iskald fjellvatn er ei ho hugsar godt. Med ein temperatur i vatnet på mellom null og fem grader er det ikkje berre, berre å sjå heilt vanleg ut.

– Eg skulle komme opp frå vatnet, og halde maska og vere heilt naturleg. Samtidig som eg kjente at det stakk av kulde i heile kroppen…

– Men det var veldig moro, eg måtte gå inn i ei rolle, fortel ho.

– Måtte le litt av heile greia

Heller ikkje det å ligge i mose med hissig mygg i midten av mai, eller springe berrbeint gjennom skog og mark er berre enkelt. Men 23-åringen gav alt, og seier ho hugsar innspelinga som morosam og lærerik.

– Ein må vere veldig fokusert. Etter halvannan dag på Norefjell var eg heilt utsliten. Eg er veldig perfeksjonist, så eg fokuserer veldig når eg går inn i noko slikt, fortel ho.

– Du har på deg den same kjolen gjennom heile videoen, hadde du fleire av den, eller?

– Det var litt morosamt. Den første scena var der eg skulle kome opp frå vatnet, så då vart eg jo kliss våt. Deretter tok vi ein liten pause, før eg skulle gå litt rundt i skogen. Så i mellomtida var den føna klar.

– Vi hadde det berre veldig moro med det, og måtte le litt av heile greia. Men eg skulle nok absolutt ha hatt med meg fleire kjolar for å spare tid. Men det gjekk heilt greitt, flirer ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Iselin Solheim

VIL VISE KVEN HO ER: Sjølv trur Iselin Solheim det er viktig å få vise folk kven ho er.

Foto: Pressefoto

Jobbar på butikk ved sidan av

Når resultat no er klart er ho kjempegodt fornøgd. Sjølv om ho vedgår at ho hadde nervar før ho sjølv fekk sjå den.

– Eg var litt nervøs, for det har jo gått ei stund. Eg hadde ei god kjensle rett etter innspeling, men når det går litt tid så overanalyserer ein gjerne ting. Men når eg fekk sjå den fekk eg den gode kjensla igjen, seier ho.

23-åringen bur til dagen i Oslo der ho i tillegg til arbeidet med musikken jobbar på ein av Moods of Norway sine butikkar. Draumen er ein gong å kunne leve berre av musikken, men enn så lenge trivst ho godt med kombinasjonen.

– Eg føler det er ein veldig fin miks. Nokon dagar skriv eg og jobbar i studio, og andre dagar jobbar eg i butikken, seier ho.

Klar for SommarLutt

Allereie til helga er Iselin å sjå på heimebane, då skal ho nemleg spele på SommarLutt på Nordfjordeid. Dette skjer på fredag og er eit samarbeid mellom NRK Sogn og Fjordane og Malakoff Rockfestival.

– Eg gler meg skikkeleg. Eg spelte på SommarLutt for to år sidan også, og det var utruleg fint.

– Eg synst det er så bra at dei set opp ei scene der lokale artistar kan få spele på festivalen, seier Solheim.

Ny singel om litt

Til hausten skal ho sleppe nok ei låt. Kanskje blir det video også til den. Men så langt veit ho ikkje enno.

– Eg følte det var veldig viktig å gjere det no, sidan det er første singelen min. Eg er debutant og det er viktig å få vise kven eg er.

– Eg har veldig lyst å få lage fleire videoar, og eg håpar eg får lov til det. Men først skal eg sleppe ei låt til, og det gler eg meg veldig til.