For medan Tromsø kunne juble, måtte Førde-spelarane konstatere at det ikkje vert semifinalespel på dei denne sesongen. Med 3-2 i sett i Tromsø-favør, kan Førde gløyme kongepokalen.
Rutina til gjestane vart avgjerande då Tromsø punkterte det jamne sistesettet, som slutta med 15-13 fordel Tromsø.
Men cup-nederlaget vil ikkje ha noko å seia for korleis Kalstad og Førde planlegg resten av sesongen. Det er sluttspelet som er det viktigaste for Førdelaget denne sesongen.