Hopp til innhold

Utdanningsforbundet: – Rektorar har for stor arbeidsbyrde

Koronapandemien har vist kor sårbar rektorjobben er, meiner leiar i Utdanningsforbundet. Høgre etterlyser ein plan for betring.

Tormod Korpås, sentralstyremedlem og leder for Lederråd i Utdanningsforbundet.

Tormod Korpås i Utdanningsforbundet er uroa over at det er vanskeleg å finne nokon som vil jobbe som rektorar.

Foto: Eli Kristine Korsmo

– Det er eit enormt krysspress mellom krav, lovverk og økonomi, sa leiar i Skolelederforbundet, Stig Johannesen til NRK i førre veke.

Johannessen er uroa for det han omtalar som ei varsla «rektor-krise» etter at fleire skular og kommunar ikkje klarer å fylle stillingane.

Bekymringa deler han med kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap). Ho kunne fortelje at myndigheitene hadde sett ned eit utval som skal sjå på det sokalla «kvalitetsvurderingssystemet» i skulen.

Målet er å fjerne tidstjuvane som gjer at skuleleiarar må bruke tid på ting som tek fokus vekk frå kvalitetsarbeid i skulen, sa statsråden.

Les også: «Rektor-krise» i store delar av landet

Klasserom
Klasserom

Arbeidet får støtte frå fleire frontar og Utdanningsforbundet fortel om ein uheldig trend knytt til rammevilkåra for skuleleiarar over fleire år.

Problemet har auka dei siste åra, ifølge dei.

– Vi har etter koronapandemien hatt ein auke i leiarmedlem som seier dei opplev at arbeidsbyrda har blitt for stor, seier Tormod Korpås, sentralstyremedlem og leiar for Utdanningsforbundet sitt leiarråd.

Fleire peiker på same årsak til «rektor-krisa»: Arbeidsbyrda har blitt for stor.

Både leiarar og medarbeidarar vil at det skal brukast mindre tid på administrative funksjonar. Det kom fram av Skolelederforbundet si leiarundersøking i 2021. Slik kan det brukast meir tid på å vareta og utvikle tilsette og elevar.

Vil styrke kommuneøkonomien

Korpås i Utdanningsforbundet har klare syn på kva som må til for å betre rektor sin arbeidskvardag:

– Dette handlar eigentleg om rammevilkår. Vi ser diverre at kommuneøkonomien er slik at det spesielt ved små skular er vanskeleg å få tilstrekkeleg støtte og hjelp frå kommuneadministrasjonen til å gjere administrative oppgåver.

Han legg til at hovudoppgåva då blir å få finansiert meir tid til skuleleiing slik at ikkje all tid går til administrative oppgåver.

Utdanningspolitisk talsperson i Senterpartiet, Marit Knutsdatter Strand, meiner at Solberg-regjeringa må ta på seg noko av ansvaret for at ingen vil jobbe som rektorar.

– Då Høgre sat i regjering så var dei meir opptekne av å stramme inn på reglar og gjere arbeidskvardagen tøffare enn å sørge for at ein hadde ressursar til å imøtekome krava som så blei stilt, fortel Strand.

På spørsmål om kva Senterpartiet ville ha gjort annleis, svarar ho som Korpås på at behovet ligg i å styrke kommuneøkonomien.

– Vi hadde jo sørga for at kommuneøkonomien var betre. Det er kanskje det enklaste tiltaket.

Marit Knutsdatter Strand

– Vi vil redusere omfanget av statleg krav og byråkrati og gi meir handlefridom til dei som faktisk er faglege, autonome og ansvarlege folk på skular kring i heile Noreg, seier Marit Knutsdatter Strand i Senterpartiet.

Foto: Ragne B. Lysaker, Senterpartiet

Etterlyser plan frå kunnskapsministeren

Kari-Anne Jønnes er stortingsrepresentant for Høgre og sit i Utdannings- og forskingskomiteen saman med Marit Knutsdatter Strand.

Ho viser til at Høgre er einige i at hovudfokuset bør ligge på skuleeigarane, som kommunar.

Men Jønnes påpeiker at det ikkje finnast ei rask løysing på problemet og etterlyser no ein klar plan frå kunnskapsministeren.

Høgre forventar at Brenna legger fram ein plan for skuleeigarskap og skuleleiing. Kvaliteten på skulen ute i kommunane er mykje viktigare for elevane som går der, enn kor mange skular kommunen har.

Kari-Anne Jønnes. Høgre

Kari-Anne Jønnes (H) forventar ein klar plan frå kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Foto: Høyre

For å auke kvaliteten på skulane viser Jønnes til at Høgre har hatt eit auka fokus på etter- og vidareutdanning for rektorar.

Strand i Senterpartiet har eit klart svar til Jønnes og partiet som sat i regjering frå 2013 til 2021.

– Høgre møter seg sjølv i døra med å etterlyse tiltak.

Men trass usemjer er dei samde om at tidstjuvane må vekk og rektor må få kapasitet til å gjere oppgåvene sine.

Tormod Korpås i Utdanningsforbundet forklarar det slik:

Det er veldig mange lovpålagde og nødvendige oppgåver som må gjerast for å drive ein skule forsvarleg og godt. Men det er ikkje slik at alle desse oppgåvene bør gjerast lokalt på skulen.