Utbrot av deltavarianten i Bergen – opp mot 15 nærkontaktar smitta

Opp mot 15 personar er smitta i eit utbrot av deltavarianten i Bergen. Kring 100 personar er sett i karantene.

Mikrobiologisk avdeling. Mutantundersøkelser. Haukeland korona helse bergen

NYE VARIANTAR FUNNE: I veke 23 fann mikrobiologisk avdeling deltavarianten i to positive prøvar. Opp mot 15 nærkontaktar er smitta.

Foto: Katrine Sunde / Helse Bergen

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Det har over ein lengre periode vore låge smittetal i Bergen. Onsdag møttest også bystyret i Bergen for første gong fysisk sidan oktober i fjor haust.

Men då byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) orienterte bystyret om smittesituasjonen, fortalde han at fleire personar har fått påvist deltavarianten (tidlegare omtalt som den indiske varianten) av koronaviruset den siste veka.

I vekerapporten frå smittevernoverlegen kjem det fram at det førre veke vart funne to tilfelle av varianten i positive prøvar i Bergen.

Smitten har spreidd seg vidare til nærkontaktar.

– Vi har eit utbrot i ein størrelse på tolv til 15 personar. Rundt 100 personar er i karantene. Det eine tilfelle har smitta fleire enn det andre tilfelle, fortel smittevernoverlege Egil Bovim til NRK.

Han seier smittesporinga har fungert bra og at kommunen føler dei har oversikt slik situasjonen er no.

Egil Bovim på pressekonferanse om koronasituasjonen i Bergen.

UTBROT: Bergen har fått eit utbrot av delta-varianten av koronaviruset, tidlegare kalla den indiske varianten. Det fortel smittevernoverlege i Bergen, Egil Bovim.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Meir smittsam

Deltavarianten er ifølge smittevernoverlegen kjenneteikna av å vera noko meir smittsam og gi auka risiko for innlegging på sjukehus.

I tillegg gir mRNA-vaksinane noko mindre beskyttelse mot varianten. FHI har onsdag publisert ein oppdatert risikovurdering om varianten.

– Heldigvis ser det ut til at beskyttelsen mot alvorleg sykdom, også med bere éin vaksinedose, er veldig god, ssier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Endeleg stadfesting på at også nærkontaktane i Bergen-utbrotet har deltavarianten er venta på fredag, får NRK opplyst av Haukeland universitetssjukehus.

– Våre fagfolk er ikkje uroa og nærkontaktar er i karantene. Men dette understrekar jo at sjølv om smittetala er låge og vaksinasjonen går framover, så er det ikkje over enno, seier Roger Valhammer til NRK.

Han viser til at gjenopninga i Storbritannia er utsett grunna den høge førekomsten av deltavarianten.

Importsmitte

Begge dei to tilfella av deltavarianten som vart oppdaga i førre veke, er importsmitte frå personar som har reist frå utlandet og inn til Noreg.

Det er ingen samanheng mellom dei to tilfella. Nærkontaktane er i alle aldersgrupper, legg Bovim til.

– Sjølv om dei rapporterte smittetala i veke 23 er låge, så kan vi stå ovanfor eit utbrot med den meir virulente virusmutasjonen som no pregar smittebiletet i fleire europeiske land. Derfor er det i denne fasen like viktig å følgje med på type virusmutasjonar som på det absolutte talet på smittetilfelle, seier Bovim.

Samstundes held vaksineringa i Bergen fram i høgt tempo. Det vert sett 18.500 vaksinedosar i kommunen førre veke, noko som er ny vekerekord.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 24.07.2021
1 250
Smittede siste 7 dager
21
Innlagte
799
Døde
3 374 685
Vaksinerte