Hopp til innhold

Utbetra ikkje manglar

Ei norsk trekkvogn vart avregistert under ein kontroll på Håbakken i Lærdal i går. Årsaka var at tekniske manglar ved bremsene ikkje har vore utbetra sidan dei var påpeika i januar. I Sogndal fekk ein mopedførar gebyr og mopeden køyreforbod. Mopeden hadde to blankslitne dekk og mangla lyddempar, medan føraren ikkje hadde med seg vognkort og førarkort.