Astrid Ensslin vart tilsett ved Universitetet i Bergen i januar 2021, som førsteamanuensis i digital kultur. Ho har tatt to norskkurs sidan ho kom.
– Det å lære norsk kjem på toppen av alt anna. Men folk er tolmodige når eg snakkar sakte og med mange feil.
Utanlandske forskarar i Noreg skal lære norsk i løpet av to år, ifølgje Kunnskapsdepartementet.
Men ein ny studie viser at fleirtalet ikkje har tilstrekkelege norskkunnskapar, sjølv etter mange år i Noreg.
Kan velje vekk å lære norsk
Ann-Kristin Helland Gujord leier UiB-prosjektet NINjA. Dei forskar på norskferdigheiter hos internasjonalt tilsette ved tolv norske universitet og høgskolar.
– Vi ser at forskarar oftast møter ganske låge forventningar om å lære seg norsk. Dei fleste kjenner til dei formelle krava, men dei opplever ikkje at desse vert følgt opp, seier ho.
– Dei vert ofte fortald at ein ikkje treng norsk for å forske. Fleire er overraska over kor låge forventningane er frå miljøet. Så dette er i grunnen opp til den enkelte. Ein kan i praksis velje vekk det å lære norsk.
Mange av deltakarane i Gujords prosjekt både underviser og rettleiar på engelsk.
Bachelorkurs på engelsk
Hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved UiB, Kjell Erik Lommerud, ser ikkje døme på at utanlandske tilsette opplever sanksjonar på grunn av manglande norskkunnskapar.
– Dette er vel strengt tatt kontraktsbrot. Men det ville jo stå fram veldig dramatisk å seie opp ein forskar som ikkje lærer seg norsk, dersom vedkommande elles fungerer godt i jobben.
På Universitetet i Bergen skal all bachelorundervisning gå føre seg på norsk. Men dette blir vanskeleg når universitetet tilset så mange utanlandske forskarar.
– Vi har vore nøydde til å tilby bachelorkurs på engelsk, berre for å få ting til å gå rundt.
Positive til engelsk
På Studentsenteret i Bergen sit Elias Eide med to studiekameratar frå Norsk Lærerakademi.
Han har rettleiar frå Spania, som har budd lenge i Noreg og snakkar godt norsk.
– Eg har lyst å studere i utlandet og er i utgangspunktet positiv til undervisning på engelsk.
– Men det kunne nok bli utfordrande å forstå alle nyansar i engelsk fagspråk, seier studenten.
– Uheldig
Jurist og samfunnsvitar Cecilie Hellestveit vart Årets namn i akademia 2021, mellom anna for å ha sett i gang debatten om internasjonalisering.
– Det er uheldig at ein ikkje følgjer opp vilkåra om å lære seg norsk, seier ho.
– Det må vere mange nok som kan norsk innan kvart fagmiljø til at ein kan etablere og røkte norsk fagterminologi.
– I den intense internasjonaliseringa som no skjer i akademia, er det vårt eige ansvar at ikkje norsk druknar som fagspråk, seier Hellestveit.
Differensiert språkkrav?
Universitets- og høgskulesektoren har dessutan eit lovpålagt overordna ansvar for å halda ved like og utvikla norsk fagspråk.
Hellestveit meiner det kan vere eit problem å handheve eit krav som er for generelt.
– Burde ein differensiere språkkravet etter fagfelt?
Rektor ved Universitetet i Bergen, Margareth Hagen, er glad for at Hellestveit løftar debatten om internasjonalisering. Ho trur likevel eit differensiert språkkrav ville vere vanskeleg å gjennomføre. Dessutan meiner ho at alle utanlandske tilsette treng norskkunnskapar.
– Alle skal formidle, undervise og delta i den norske forskarkvardagen.
– Korleis vil du då bøte på det at få utanlandske forskarar kan norsk etter to år?
– Det går allereie føre seg mykje godt arbeid på institutta. Så må vi kollegaer vere meir medvitne, snakke norsk i lunsjen og i andre uformelle samanhengar.
– Vi bør vurdere mentorordningar, i tillegg til kurstilboda. Og den som tar imot ei stilling i Noreg må vere klar over norskkravet.
Digital tilrettelegging
Som tyskar representerer Astrid Ensslin den største innvandrargruppa blant forskarar i Noreg. Som travel mor til tvillingar, sette ho stor pris på at kursa vart tilbode digitalt.
– Tilbodet stoppa etter pandemien, men eg skulle ønske at det heldt fram. For då kunne eg lage i middag til ungane i pausen!
Hei!
Takk for at du las! Eg jobbar med musikk- og kulturstoff for nett og radio. Tips meg gjerne! Tidlegare har eg m.a. skrive om pendlande kulturtoppar og nordmenns syn på kultur vs. status.