Hopp til innhold

Utanlandsk vogntog mista last

Eit utanlandsk vogntog har mista deler av lasta på fylkesveg 614 ved Langevatn over Ålfotfjellet. Det melder politiet. Vogntoget står i vegbana og kjem brått på for køyrande i retning Ålfoten. Politiet er på staden. Trafikk kan passere. – Det er for tidleg å seie kva som har skjedd, men last skal ikkje falle av. Lasta har ikkje vore godt nok sikra, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.