Utan utslepp i turistfjordane

SV og Ap krev at Hurtigruten og cruisebåtane må bruke straum for å segle inn turistfjordane her i landet. Aftenposten skriv at dei to partia vil be Regjering stille krav om at skip som blir brukte i turistsamanheng, innan fem år skal segle utan utslepp i fjordane. Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) seier dei vil støtte utspelet, og dermed treng forslaget støtte frå enten Venstre eller KrF for å bli vedteke.

Cruiseskip i Eidfjord
Foto: Linda Bjørgan / NRK