Klubbleiaren åtvarer Vee mot konsekvensane dette kan få etter streiken. - Viss dei ikkje tek seg i akt, og at ein fortsetter med arrogansen, så vil det bli opne sår, seier han.
Jon Sørland og dei andre organiserte journalistane i Firdaposten er allereie i streik, men redaktørane gir likevel ut avis. Det er journalistane i mot.
Vil finne anna trykkeri
Om grafikarane blir tekne ut i streik den 28. mai blir det langt vanskelegare å gje ut Firdaposten, fordi trykkeriet Firdatrykk då blir ståande stille. Men redaktør Svend Arne Vee seier han vil gjere det han kan for å få avisa prenta likevel. – Eg er ein kjøpar av trykketenester i Firdatrykk. Dersom trykkeriet stoppar opp som følgje av streik, er det mi plikt å finn ei anna løysing for Firdaposten, seier Vee.
Sørland går så langt at han kallar redaktøren arrogant, og seier at det skadar omdømmet til både avisa og redaktøren.