Hopp til innhold

Ustabile fastlegar - små kommunar kjem dårlegast ut

Fastlegar i byane blir verande i stillinga tre gonger lenger enn i små kommunar. Forskarar fryktar det går ut over kvaliteten på tenestene.

Legekontor ved Ranheim Legekontor, Trondheim.

FASTLEGE: Ein ny studie syner at fastlegar i små kommuar i snitt blir under tre år. I byane blir dei verande tre gonger så lenge.

Foto: Rune Karlsen / NRK

– Det er klart at dersom vi skal rekruttere inn mange nye, så kan det lett bli ustabilitet og lite kjekke forhold i den fasen. Det er aldri kjekt med vikarstafettar, og kontinuiteten har vore noko av styrken med fastlegeordninga, seier Jan Helge Dale.

Jan Helge Dale

PROBLEM: Når kommuneoverlege Jan Helge Dale må rekruttere mange nye fastlegar til kommunen på kort tid er han uroa for at det blir stor utskfiting av legar, noko som vil gå ut over pasientane.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Han har vore lege i Flora kommune i over 20 år. Det same er tilfelle for fleire av kollegaene, som har byrja å nærme seg pensjonsalder. Av kontorfellesskapen på 13 legar er det også fleire som må ut i spesialisering snart. Det kan bety at kommunen går frå mange stabile fastlegar til vikarstafett.

Råkar pasientane

For ei ny studie presentert i Tidsskrift for Den norske legeforening, og syner at fastlegar i byane er tre gonger lenger i jobben enn i mindre kommunar. Det er første gong nokon har undersøkt kor faste og stabile fastlegar rundt om i landet er. Studien syner at fastlegar i snitt blir i seks år, men at variasjonane er store.

– Ein fastlege er i gjennomsnitt 2,7 år i dei små kommunane. Det er gjennomsnittstal, noko som betyr at nokre er der veldig lenge og er stabile, medan andre er der veldig kort, seier Helen Brandstorp ved nasjonalt senter for distriktsmedisin.

Forskarane er uroa for at pasientane må lide for dette.

Startar ikkje langvarig behandling

– Pasientar med kroniske lidingar og mange problem vil gjerne ha ein fast lege, slik at dei slepp å fortelje om og om igjen, seier ho.

Leder ved nasjonalt senter for distriktsmedisin i Tromsø, Helen Brandstorp

FORSKAR: Helen Brandstorp og kollegaene er dei første som har undersøkt kor stabile fastlegane rundt om i landet er.

Foto: Privat

Tillit mellom pasient og lege tek også tid å bygge opp, og er viktig for at behandlinga skal vere god meiner forskarane. Også langvarige behandlingar er noko vikarlegar vil vegre seg mot, meiner Brandstorp.

– Om ein slit med uheldig bruk av medisinar eller er medikamentavhengig, så tek det lang tid å trappe ned. Dette er typiske ting vikarar ikkje startar på, for dei forsvinn igjen, seier ho.

Fylkeslegen ikkje overraska

Fylkeslege i Sogn og Fjordane, Per Stensland, har sett at fleire kommunar over tid har slite med å halde på fastlegane over tid.

– Vi er eit typisk distriktsfylke. Det vi ser no er ein type forgubbing, der tilgang på doktorar, spesielt nye og stabile har vore vanskelegare, seier han.

At lite varige fastlegar kan gå ut over behandlinga ser han også teikn på i klagebunken han får inn.

– Vi snakkar med pasientar som er sveitte over at fastlegen skiftar mellom kvar gong dei er til doktor. Vi får ganske ofte klager på vikarlegar, dei som er aller kortast. Lege og pasient får ikkje tid til å bygge opp kjennskap til kvarandre. Dermed er faren for at ikkje alle sjukdomar blir tekne med eller andre feilvurderingar større, seier fylkeslegen.