Hopp til innhold

- Usmakleg å framstille folk som pedofile på ei revyscene

Det meiner Anita Østby som er dagleg leiar ved Norsk revyfagleg Senter.

Video nsps_upload_2010_2_2_20_30_48_1038.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Russen i Florø drog poenga sine langt i årets revy. Så langt at mange ikkje synest det vart noko moro.

- Usmakleg

Russerevy i Florø

Russen i Florø får sterk kritikk for innslaget sitt om asylsøkjaren Simon og Lommemannen. Fleire reagerer på at russen kopla desse to sakene opp mot kvarandre.

For i ein av sketsjane vart Kåre Leif Hollevik, leiar for aksjonsgruppa for to eritreiske flyktningar, framstilt som lommemannen.

- Å framstille lokale personar som pedofile i ein russerevy er direkte usmakeleg, seier Anita Østby som er dagleg leiar ved Norsk revyfagleg Senter.

Publikum gjekk i protest

Det var under sketsjen med Tore på Sporet som ville hjelpe Simon med å finne far sin at historia fekk ein heilt uventa vri.
I sketsjen blir Kåre Leif Hollevik, leiaren i aksjonsgruppa for Simon framstilt som faren dei leita etter.

Han kjem inn og knar på "Simon" før han tek handa hans, og stappar den i sin eigen bukselomme. Og slik forlet dei to scena, til ein blanda reaksjon frå publikum.

Video nsps_upload_2010_2_2_20_30_48_1038.png
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Her er private foto frå russerevyen fredag.

- Det var ein spøk

Visepresident i russestyret Mathias Stang og revysjef Marthe Firskarbekk Opheim seier dei gjorde det i spøk.

- Vi beklagar om vi gjekk over streken, seier dei.

Østby meiner at nummeret må takast av plakaten til russerevyen.

- Eg oppmodar alle som lagar ein revy om å få nokon andre som ikkje er involvert til å vurdere revyen før den kjem ut til folket, seier ho.

- Skal ikkje misbruke folk

Ho seier ho registerer at russen har lagt seg flate etter kritkken dei har fått, og meiner det er bra.

- Dei skal ikkje gå over streken eller sparke under beltestaden. Og dei skal heller ikkje misbruke folk, seier ho.

Aldri vore borti liknande

Østby seier det er første gongen ho høyrer om ein russerevy som har fått så mykje merksemd for eit revynummer.

- Eg har ikkje høyrt om liknande. Men på grunn av dette kan vi få i gong ein debatt om kva som skal kunne presenterast på ei scene.