Kjøpte to etasjes buss – men ikkje sikkert dei får bruke han

Over heile landet sit ungdommar og ventar på svar på om dei får feire at dei snart er ferdige med skulen.

Jostein Løvik og Ruben Ehamparam framfor russebussen deira.

USIKRE: Jostein Løvik og Ruben Ehamparam håpar å få bruke bussen i russetida, men enno veit dei lite om retningslinjene til våren.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Det er vanskeleg å veta kva som er greitt å gjera, då retningslinjene endrar seg heile tida, seier visepresident Ruben Ehamparam ved Hafstad vidaregåande skule.

På den vidaregåande skulen i Førde er 22 gutar godt i gang med planlegginga av russetida. Dei har kjøpt ein to etasjes russebuss frå Porsgrunn, og har store planar for konseptet til bussen. No ventar dei spent på kva retningslinjer dei får frå styresmaktene.

– I fjor fekk russen eigne retningslinjer å følga, og me håpar me kan få det same, seier Ruben Ehamparam.

Ruben Ehamparam og Jostein Løvik

STOR GJENG: Visepresident Ruben Ehamparam og bussjef Jostein Løvik er 2 av 22 gutar som er med på bussen.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Umogleg å seie noko om smittesituasjonen

Per i dag seier dei nasjonale retningslinjene at du skal ha minst mogleg nærkontaktar. Ein er oppfordra til å møta andre utandørs og halde minst ein meter avstand til ei kvar tid.

Dei fleste arrangement er utsett eller avlyst, og ein kan vere maks ti personar på private samankomstar. Om desse retningslinjene held fram, vil det bli vanskeleg for russen å gjennomføra russetida.

– Me håpar at me skal finne rom for nokre former for russefeiring. Det er likevel ikkje sikkert at me er komne så langt at vanleg russefeiring med store arrangement kjem til å vera mogleg, har statsminister Erna Solberg tidlegare sagt til NRK.

Tone Kristin Bjordal Johansen, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet

FORSTÅR: Tone Kristin Bjordal Johansen i FHI seier ho forstår at russen er lei av koronaen.

Foto: Privat

– Me forstår at russen er frustrert og lei av pandemien, seier Tone Bjordal, seniorforskar i FHI.

Ho skriv i ein e-post til NRK at dei vurderer smittesituasjonen fortløpande, men at dei ikkje kan gje russen konkrete retningslinjer enno. Ifølge Bjordal er det viktigaste at dei følger dei generelle smittevernråda, og har god dialog med lokale helsestyresmakter.

– Me håpar at russen kan få ei hyggeleg russetid, sjølv om dei må halde seg til dei gjeldande smitteverntiltaka, seier Bjordal.

Har fått eigen smittesjef

På grunn av koronaen har Vestruss sitt russerådstyre oppretta eit eige verv som skal ha ansvar for smittevern. Smittesjefen skal ha hovudansvar for å følga opp retningslinjer og ha kontakt med helsestyresmaktene.

Eskil Bogstad, smittesjef, russerådstyret 2021

RUSSEN TEK ANSVAR: Eskil Bogstad er smittesjef i Vestruss sitt russerådsstyre i 2021.

Foto: Privat

Koronaviruset og dei strenge retningslinjene gjer det krevjande for russerådet å planlegge russetida. Dei viser likevel stor forståing for at styresmaktene ikkje kan gje dei meir konkret informasjon.

– Me prøver å planlegge for fleire moglege situasjonar, slik at me kan skape ei tryggast mogleg russetid for alle, seier smittesjef Eskil Bostad.

Har ikkje gitt opp håpet

– Me held oss til dei allmenne retningslinjene og ser kvarandre berre på skulen, seier Ruben Ehamparam.

Gutane frå Hafstad vidaregåande seier dei forstår at det er vanskeleg å gje russen meir informasjon slik situasjonen er i dag.

– Me har alle eit felles mål og ynskjer å overvinne koronaen, seier Jostein Løvik.

Jostein Løvik og Ruben Ehamparam går ut av russebussen.

MYKJE ARBEID ATT: Russebussen skal målast både utvendig og innvendig. Så skal dei få inn lyd og ljos.

Foto: Synne Sørenes / NRK

Dei prøver å gjere det beste ut av situasjonen, og brukar mykje tid på å pusse opp bussen og gjere han klar. Kor mykje bussen har kosta, vil dei ikkje svare på, men seier han er viktig for samhaldet.

– Me håpar å få vera saman så mange som mogeleg, og ha ein skikkeleg fest, seier Ruben Ehamparam.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 28.02.2021
1 940
Smittede/uke
95
Innlagte
622
Døde
318 722
Vaksinerte