Usikker framtid for overgrepsmottak

Spesialisthelsetenesta, Helse- og omsorgsdepartementet og kommunane skuldar på kvarandre, når dei skal finne årsaka til at det einaste overgrepsmottaket i Sogn og Fjordanes står i fare for å bli lagt ned.

Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket

UTAN JOBB: Katja Nielsen ved Overgrepsmottaket på Førde Sentralsjukehus

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Når vi jobbar med sporsikring, så brukar vi desse vattpinnane her og tar eit hudavstryk, seier Katja Nielsen, og syner NRK rundt på det einaste overgrepsmottaket i fylket.

For vel ei veke sidan fortalde ei oppgitt Nielsen om skjebnen til overgrepsmottaket ho er sjukepleiar på.

– Eg tykkjer dette er å spele hasard med rettstryggleiken, seier Nielsen.

Oppseiingstida går ut i mars, fordi eit statleg vedtak har ført til usemje om kven som skal betale for mottaket.

Legekontora får ansvaret

– Utan at kommunane er med, så blir det ikkje noko samla senter i Sogn og Fjordane, seier Tom Guldhav, som er avdelingssjef ved kvinneklinikken i Førde.

Tom Guldhav

MÅ HA KOMMUNANE MED: Tom Guldhav er avdelingssjef ved kvinneklinikken i Førde

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ansvaret for vald i nære relasjonar skal no leggast til det einskilde legekontor. Det er det mange som stiller spørsmål ved.

– Fagmiljø over heile landet har stilt spørsmål ved kor fornuftig det er å splitte opp seksuelle overgrep og vald i nære relasjonar. Dette er nært knytt saman og knytt opp mot rettsmedisinske undersøkingar, seier Guldhav.

Overgrepsmottaket i Sogn og Fjordane kan bli lagt ned. Skjer det, står overgrepsoffera sin rettstryggleik i fare, meiner ei samla gruppe fagfolk.

I ferd med å snu

– Vi ser heilt tydleg at utfordringa her er å imøtekome den modellen som staten har sagt det skal vere, seier Gloppen-ordførar Leidulf Gloppestad.

Leidulf Gloppestad

I FERD MED Å SNU: Leidulf Gloppestad er ordførar i Gloppen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Gloppen er ein av kommunane i Nordfjord som har stilt seg tvilande til om dei skal vere med på eit samla mottak, men som no er i ferd med å snu.

– No må kommunane avgjere kva som er vald i nære relasjonar og kva som er seksuelle overgrep, og det er svært vanskeleg. Med ein gong staten har bestemt at det skal vere eit skilje her, så vil det dukke opp grensetilfelle, seier Gloppestad.

Betre tilbod

Kommunane og spesialisthelsetenesta legg ansvaret hjå staten, men Helse- og omsorgsdepartementet som tok den politiske avgjerda, seier målet er eit betre tilbod.

Lisbeth Normann

BETRE TILBOD: Lisbeth Normann er statssekretær i Helse- og omsorgsministeren

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Kvaliteten på overgrepsmottaka er utgangspunktet for at Stortinget vedtok å gi ansvaret for valdtekt og overgrep til spesialisthelsetenesta, seier statssekretær i Helse- og omsorgsministeren, Lisbeth Normann.

Det er ei vurdering Gloppestad er usamd i.

– Poenget mitt er at dette ikkje var noko problem før staten gjorde den delinga dei gjorde. Det bør staten ta inn over seg, seier Gloppestad.

Håp for mottaket

Terje Heggheim

DØRA PÅ GLØTT: Terje Heggheim, er leiar i rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det kan vere eit lite håp for mottaket, dersom kommunane og sjukehuset kan bli samde om finansieringa. No har fylkesstyret i KS, ein av instansane som gir råd til kommunane i fylket, hatt eit ekstraordinært møte om overgrepsmottaket.

– I denne sak så opplever eg medlemmene i fylkesstyret slik at dei ynskjer å få etablert eit overgrepsmottak. I og med at dei har bestilt saka allereie om nokre få veker så opplever eg at det ligg både vilje og evne til å få dette i gjennom, seier Terje Heggheim, som er leiar i rådmannsutvalet i Sogn og Fjordane.