Hopp til innhold

«Dropout-skulen» har vore ein stor suksess – no er pengesekken snart tom

Fire av fem elevar på skulen kjem anten i jobb eller tilbake på vidaregåande. No er framtida uviss for produksjonsskulen i Hardanger.

Elevar ved Hardanger produksjonsskule

SAMANSVEISA GJENG: Sondre Marthinussen og Samuel Torsvik Bruland er elevar ved Hardanger produksjonsskule.

Foto: Tale Hauso / NRK

Gnistane sprutar og det er full aktivitet med sveising og pussing inne på verkstaden.

Med høyrselsvern på står elevane Sondre Marthinussen og Samuel Torsvik Bruland med sota ansikt og fiksar opp planen til ein pickup.

– Dette er det beste skuleåret eg har hatt, seier Marthinussen.

Han og Bruland er elevar ved Hardanger produksjonsskule i Ulvik.

– Me droppa ut, men så var det kjedeleg å vera heime, seier Marthinussen.

Då vart produksjonsskulen i Ulvik løysinga.

Produksjonsskule er eit konsept henta frå Danmark. Det er retta mot ungdomar mellom 16 og 21 år. Dei som av ulike årsaker ikkje fullfører vidaregåande skule.

Tanken er å gje ungdommane eit pusterom. Samtidig skal dei gjera meiningsfylte oppgåver og produsera noko.

Bruland angrar ikkje på valet sitt.

– Det er fine folk her, mykje å gjere på, lærer mykje, er måten han beskriv skulen.

Det finst to slike skular i Noreg. Hyssingen produksjonsskule har sidan 2015 eksistert i Bergen. Hardanger produksjonsskule kom hausten 2018.

Elevane Sondre Marthinussen og Samuel Torsvik Bruland

NY MOTIVASJON: Sondre Marthinussen og Samuel Torsvik Bruland har fått motivasjon til å gå tilbake til skulebenken.

Foto: Tale Hauso / NRK

Staten og fylket deler på utgiftene

Leiar ved Hardanger produksjonsskule, Håkon Gjerde seier at det har blitt ein stor suksess på kort tid.

– 80 prosent av dei som er her og fullfører, går tilbake til enten vidaregåande, ut i arbeid eller ute i lære, seier Gjerde.

Skulen har vore med i eit nasjonalt pilotprosjekt, men no er framtida uviss.

Staten og fylket har delt på utgiftene og gitt til saman 10 millionar kroner i året over tre år. No er pengesekken snart tom.

– Me har midlar ut dette skuleåret, seier Gjerde.

For at skulen kan halda fram, seier leiaren at staten enten må vidareføra si satsing, eller fylket må betale ein større del av rekninga.

Håkon Gjerde, leiar ved Hardanger produksjonsskule.

SNART TOM FOR PENGAR: Leiar ved Hardanger produksjonsskule, Håkon Gjerde.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fleirtal i fylkestinget

I mars vedtok fylkestinget med stort fleirtal at dei ville vidareføre produksjonsskulen.

Fylkesordførar Jon Askeland seier at dei vil ha ein vidareføring med delt finansiering.

– Me etterlyser snarast ei avklaring for korleis staten går vidare med si deltaking i oppfølgingstenesta, seier Askeland.

Han har vore i dialog med kunnskapsministeren om korleis ein kan unngå at skulen vert lagt ned.

Askeland seier at det kan bli for dyrt for fylkeskommunen å finansiere eit så stort prosjekt utan statleg draghjelp.

– Oppfølgingstenesta og produksjonsskular er kostbart, og viss staten ikkje er med vidare fram vert det svært krevjande for fylkeskommunen i Vestland, seier Askeland.

Jon Askeland

ANSVARET LIGG HJÅ STATEN: Fylkesordførar Jon Askeland (Sp), ventar på svar frå staten om delfinansiering.

Foto: Paul André Sommerfeldt

– Staten si delfinansiering var midlertidig

Statssekretær Anja Johansen (V) i Kunnskapsdepartementet kan ikkje lova meir pengar.

Ho seier at dette har vore eit prøveprosjekt, og at det er fylkeskommunen som veit best kva det lokale behovet for oppfølgingstenester er.

Statssekretæren understrekar at det aldri var planen at staten skulle delfinansiere skulen i lang tid.

– Dersom det skulle bli aktuelt for regjeringa å framleis halde fram med denne delfinansieringa av drifta, må me i så fall kome tilbake til dette i statsbudsjettet for neste år, seier Johansen.

  • Les meir: Emilie går på ein skule der alle har slutta
    Leder Nordland Venstre

    ANSVARET LIGG HJÅ FYLKET: Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Anja Johansen (V) meiner vurderinga om vidareføring av prosjektet ligg hjå fylkestinget.

    Foto: Nordland Venstre