Hopp til innhold

Usemje om skulane skal involvere seg meir i russetida

Historier om utanforskap i russetida skaper press om ei meir involvert skuleleiing. Andre legg vekt på at feiringa må skje på russen sine eigne premiss.

Russefeiring

INKLUDERING: Leiar i Vestland ungdomsutval etterlyser større engasjement for russefeiringa både frå fylkeskommunen og frå kvar enkelt vidaregåande skule.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB

Historiene om utanforskap i russetida er mange.

Elevar blir utestengde frå russegrupper eller ekskludert frå russebussar.

Enkelte lagar grupper allereie på ungdomsskulen for å vere sikker på å ha nokon å feire saman med.

No etterlyser ungdomspolitikar større engasjement for russefeiringa frå skuleeigarane.

– Skulane og fylket som driv dei vidaregåande skulane bør ha større medverknad i russetida, seier leiar Inger Christin Hystad Barane i Vestland ungdomsutval.

Inger Christin Hystad Barane

Inger Christin Hystad Barane vil at skulen og fylket skal bry seg meir om russetida.

Foto: Bård Siem / NRK

Ho meiner russen i for stor grad blir overlatne til seg sjølve, og ønsker seg ei samordning mellom skulane om korleis dei skal involvere seg i feiringa.

– Eg trur alle skulane er einige, men at utføringa blir veldig ulik, seier ho.

Les også – Berre dei kule gruppene får vere med på russefest

Ingeborg Stray Juuhl, Eline Teige Øye, Leah Hatland og Julia Hauge.

Får støtte frå fylkesordførar og eks-russemamma

– Både skulane og fylkeskommunane som eigar av vidaregåande skular må engasjere seg mykje meir. Russefeiringa er ikkje ei privatsak så lenge den fører til masse utanforskap og vonde kjensler, seier Marianne Chesak (Ap), som er fylkesordførar i Rogaland og tidlegare dobbelt russemamma.

I vår skrev ho eit lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad der ho tok eit kraftig oppgjer med ukulturen i russefeiringa.

– Noko er fullstendig feil når ein 19-åring vel å stemme ut bestevennen sin i frykt for å miste sin eigen plass i russegruppa, seier ho.

Ho legg til:

– Eg ønskjer meir engasjement frå fleire partar, inkludert utdanningsministeren.

fylkesordfører i Rogaland Marianne Chesak.

Lukka russegrupper med logoar og klede, eigen musikk, kontoar i sosiale medium, russebuss og interne reglar fører til utanforskap og vonde kjensler, seier fylkesordførar og tidlegare russemamma Marianne Chesak.

Foto: Lene Underhaug / NRK

På russen sine premiss

Sondre Sandøy er president i Russens Hovudstyre i Stor-Oslo.

Han er positiv til felles retningsliner for skulane dersom det fører til at skulen si involvering blir mindre vilkårleg.

Men vil ikkje at skulane skal involvere seg for mykje i russefeiringa, som «må vere på russen sine premissar».

– Vi er litt skeptiske til store inngrep frå andre som skule og politikarar, seier han.

Sondre Sandøy

Sondre Sandøy meiner at russefeiringa bør skje på russen sine premiss.

Foto: Privat

– Det er jo russen si private feiring. Om skulen blir for mykje involvert blir det feil, seier Linnea Lundekvam, som er russepresident ved Hafstad vidaregåande skule i Førde.

– Men at ein kan ta kontakt med skulen dersom det er noko eller ein lurer på noko, og at dei kan vere med å skape litt tryggare rammer rundt russefeiringa.

– Feiringa er russen si

Vi har ikkje ansvar for russefeiring såleis, men vi har ansvar for at elevane har det trygt og godt i lag, seier rektor ved Hafstad vidaregåande skul, Nina Bygstad.

Rektoren ser både fordeler og ulemper dersom skulane i heile regionen er meir samkøyrde i korleis handtere russefeiringa.

– Det vil vere ulike utfordringar frå område til område, men det kunne også vore greitt å vere meir samkøyrde.

I Vestland har russepresidentane og skulane signert ein kontrakt som er felles for alle skulane. Partane har også blitt einige om å avgrense russetida til tre veker.

Bjørn Lyngedal er avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland Fylkeskommune.

Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylke, Bjørn Lyngedal.

ANSVARSFULL: Avdelingsdirektør for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, Bjørn Lyngedal, meiner skulane må vere med å sette rammene rundt ei ansvarsfull russefeiring.

Foto: Bård Siem

Han fortel at dei samarbeider tett med russen og skulane for å skape ei inkluderande og trygg russefeiring.

Vi skal ikkje overta feiringa, men vi kan vere med å sette rammene rundt ei ansvarsfull feiring.

Les også Vil hindre utestenging som russ: – Ta praten i 8. klasse

Russefeiring i Ålesund