Hopp til innhold

Usemje om nytt løp i verdas lengste tunnel

Fylkesordføraren i Vestland hevdar Vegvesenet vurderer eit nytt løp i verdas lengste biltunnel. – Nei, det gjer me ikkje, svarer Statens vegvesen.

Lærdalstunnelen

I DET BLÅ: Lærdalstunnelen har tre lyslommer i løpet av tunnelen. Det verkar som planar om eit ekstra tunnelløp også er i det blå.

Foto: Arnstein Karlsen

– Statens vegvesen vurderer seriøst å sjå på eit nytt løp for Lærdalstunnelen.

Det sa fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland, til Sogn Avis måndag.

Han la til:

– Me skal også hugsa at dette er i særklasse ein spesiell tunnel. Det finst ikkje maken. Slik vil det også vera ei føremon med to løp.

Også lærdalsordførar Audun Mo var glad for at Vegvesenet «seriøst vil vurdera eit nytt løp», skrev Sogn Avis.

– Slik er det ikkje

Det var berre eitt problem. Statens vegvesen kjente seg ikkje att i noko av det som vart hevda.

Tysdag såg dei seg nøydde til å sende ut ein pressemelding om at det er «ingen planar for bygging av ny Lærdalstunnel.»

Dei la til:

– Det hadde sjølvsagt vore forlokkande å bygge ny dersom ein helt ny tunnel var rimelegare enn å oppgradere den gamle, men slik er det ikkje.

NRK har vore i kontakt med Stig Berg-Thomassen, prosjektleiar for tunnelvedlikehald i Statens vegvesen.

– Eg har ikkje høyrt at nokon i leiinga eller andre i Vegvesenet jobbar seriøst med eit ekstra løp til Lærdalstunnelen, seier han.

Faksimile Sogn Avis 6. juli 2021 klokka 12.02

SKJERMDUMP: Fylkesordførar Askeland i samtale med lærdalsordførar Audun Mo. (Skjermdump frå sognavis.no tysdag 6. juli klokka 12.)

Foto: Faksimile / Sogn Avis

Nattestenging i årevis

Bakgrunnen for saka er at den 24 kilometer lange tunnelen på E16 mellom Aurland og Lærdal skal gjennom omfattande oppgradering for å kome tunnelsikkerheitsdirektivet til EU i møte.

I fire av dei fem åra arbeidet er planlagd å ta, skal dei nattestenga tunnelen .

Eit tiltak som vil hefte transportnæringa og andre med dei.

Difor skapte det håp for mange då Askeland – den øvste politiske leiaren i tunnelfylket Vestland – varsla moglegheita for eit nytt løp.

– Oppgraderingsarbeidet blir både lite effektivt og kostbart. Me har difor stilt spørsmål om dei kan bygga ei tube til, var Askeland sitert på.

Eit forslag Statens vegvesen etter sigande «seriøst vurderte».

Eller?

– Politikk kan politikarane driva med, og det er heilt ok. Men eg er ikkje kjend med dette, seier Thomassen i Vegvesenet.

Han held fram:

– Eit ekstra løp vil ha ein ekstrem kostnad, langt høgare enn det vil kosta å oppgradera noverande tunnel – ei oppgradering som må gjerast uansett.

Lærdalstunnelen

I DET BLÅ: Lærdalstunnelen har tre lyslommer i løpet av tunnelen. Det verkar som planar om eit ekstra tunnelløp også er i det blå.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Askeland står på sitt

Og med det vender NRK tilbake til Jon Askeland, som står på sitt:

– Eg har teke det opp med både vegdirektør Ingrid Dahl Hovland og direktør for utbygging Kjell Inge Davik. Eg hadde eit møte med Davik tysdag førre veke, og då tok eg blant anna opp dette. Då sa han at dette skulle dei vurdera seriøst, seier han.

Han «vel å tru» at prosjektleiaren ikkje er informert om eit møte mellom han og Davik for ei veke sidan.

– Der lovde han å ta med seg tankane om eit nytt løp, viss det kan gjerast for same kostnaden.

Kjell Inge Davik, direktør for utbygging i Vegvesenet, svarar slik:

– Dette med nytt løp i Lærdalstunnelen kom opp i møtet, og då svarte eg at: «Me skal alltid sjå på spanande, nye innspel som kjem til prosjekta våre».

Han legg til at det truleg vil kosta mykje meir å bygga eit nytt løp enn å oppgradera dagens tunnel.

– Nokon har nok rekna på at eit nytt løp vil kosta omtrent så mykje som oppgraderingskostnadane blir. Eg trur det blir veldig mykje dyrare å bygga nytt. Det er betydelege utfordringar i denne tunnelen og dette fjellet som gjer det dyrare og meir tidkrevjande å bygga enn normalt.

Jon Askeland, Lærdal juli 2021

SERIØST: – Statens vegvesen vurderer seriøst å sjå på eit nytt løp for Lærdalstunnelen, seier Askeland, og står på sitt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK