Usemje om besøk frå atomdrivne ubåtar skal vere hemmeleg eller ikkje

Talet på atomfartøy i Noreg «har auka betydeleg», sa Statens strålevern i 2018. SV krev at befolkninga vert varsla ved kvart besøk. – Betre med hemmeleghald, svarer KrF.

Amerikansk atomubåt

ATOMDRIVEN: Talet på allierte ubåtar som har hatt anløp i landet har auka dei siste åra. I 2018 og 2019 la til saman 14 atomubåtar til kai på Haakonsvern.

Foto: US Navy

– Vi vil vite kor mange atomdrivne ubåtar som har anløp i Noreg, seier Marthe Hammer, som er gruppeleiar i Vestland SV.

På fylkestinget i Vestland i dag kravde ho at fylkesordføraren byrjar å varsle befolkninga når atomubåtar legg til kai ved Haakonsvern i Bergen.

– Dette er ein heilt opplagt offentleg informasjon, seier ho. Tal frå forsvaret viser at til saman 14 atomubåtar la til kai ved Haakonsvern i 2018 og 2019.

I fjor og til no i år har det vore langt færre hovudsakleg på grunn av pandemien.

I 2018 oppfordra myndigheitene alle nordmenn til å ha jodtablettar i huset. Tiltaket blei grunngitt med den aukande trafikken av atomubåtar langs norskekysten.

Chiku Ali er bystyrerepresentant for Rødt i Bergen. I eit innlegg i BA skriv ho at «ubåttrafikken potensielt er ein svært stor risiko for miljø, liv og helse».

Ho viser til at Haakonsvern ligg få kilometer frå Bergen sentrum, «og er omgitt av bustadområde.»

Amerikansk atomubåt

TROMSØ: I 2019 kom reaktordrivne fartøy inn i norsk farvatn 25 gonger. I 2020 og 2021 gjekk tala noko ned.

Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Kan ikkje oppgi nasjonaliteten

NRK har vore i kontakt med forsvaret som er opne om at dei har «jamlege anløp av allierte reaktordrivne fartøy».

– Av operative årsaker kan vi dessverre ikkje oppgi nasjonaliteten på fartøya, seier Endre Nedberg, som er talsperson for Forsvaret.

I ein 2018-rapport frå Statens strålevern kjem det fram at talet på allierte og atomdrivne ubåtar som ligg til kai i Noreg «har auka betydeleg» på grunn at auka militæraktivitet i Norskehavet.

I 2019 kom reaktordrivne fartøy inn i norsk farvatn 25 gonger. Dei siste to åra har tala gått ned.

I 2021 har det vore to anløp. Eitt i Grøtsund (Tromsø); og eitt ved Haakonsvern (Bergen).

– Det er nærliggande å tenke at pandemien har vore ein årsak, seier Nedberg i Forsvaret.

Atomenergilova seier at reaktordrivne fartøy må ha konsesjon for å legge til kai i Noreg.

Løyve vert gitt av Forsvarsdepartementet ved Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).

Glad for hemmeleghald

Ei føresetnad er at det ikkje er atomvåpen om bord, slik det vert formulert i Bratteli-doktrinen frå 1975:

«Vår føresetnad ved anløp av framande krigsskip har vore og er at atomvåpen ikkje er om bord. Norske styresmakter regner med at så vel allierte som andre atommakter respekterer denne føresetnad.»

Tor André Ljosland (KrF) er glad for at det ikkje er meir openheit rundt atomfartøya.

– Vi skal vere varsame med openheit om så sensitive spørsmål. Dette er info som kan kome på avvege.

Han legg til:

– Dessutan, som bergensar spør eg: Kva skal eg med denne informasjonen? Er det meininga at eg skal reise vekk kvar gong? Då er det betre å halde fram som normalt, all den tid risikoen er minimal.

I mai var anløpa av atomdrivne ubåtar gjenstand for eit folkemøte i Tromsø.

– Ein del av Nato-samarbeidet er at vi legger til rette for militær støtte til allierte land. Skal moglegheita til støtte vere reell, må allierte styrker øve, sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

Amerikansk atom-ubåt ventes til kai ved Tromsø

Leiar i Greenpeace, Frode Pleym, seiar til NRK at regjeringa bør sende «eit tydeleg signal til sine Nato-allierte om at vi ikkje vil ha atomubåtar til norske farvatn».

– Det trygger ikkje norsk sikkerheit, det set heller norsk sikkerheit i fare, seier han.

I strålevernrapporten frå 2018 heiter det at sannsynet for at ein alvorleg atomhending skal inntreffe og ramme Noreg eller norske interesser vurderast som liten.

Frank Bakke-Jensen

LEGGER TIL RETTE: – Ein del av Nato-samarbeidet er at vi legger til rette for militær støtte til allierte land, sa forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) i mai.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Canada er mykje strengare

Attende på fylkestinget i Vestland viser Hammer til at Noreg bør sjå til Nederland og Canada for inspirasjon.

– Land som Nederland har nekta atomubåtar å kome inn, og Canada er mykje strengare enn Noreg, seier ho.

I eit skriftleg spørsmål spør ho om fylkesordføraren «vil vere med å jobbe for større openheit omkring anløp av atomubåtar i vårt fylke»?

– Det kan eg ikkje gjere, svarer fylkesordførar Jon Askeland (Sp). Han fekk støtte frå fleirtalet i fylkestinget. Fleirtalet byggjer vedtaket sitt på at Statsforvaltaren i Vestland og Statens strålevern blir orienterte før ubåtane kjem.

Askeland viser til at fylkeskommunen ikkje har ansvar i forsvarsspørsmål, og heller ikkje blir informert om anløp av atomfartøy til fylket.

– Det er Statsforvaltaren som arbeider med planverket knytt til beredskap i samarbeid med blant andre Forsvaret og Sivilforsvaret, seier han.

Atomubåter ved Tromsø

STRENGARE: – Land som Nederland har nekta atomubåtar å kome inn, og Canada er mykje strengare på dette enn Noreg, seier Marthe Hammer (SV).

Foto: U.S. Navy