Hopp til innhold

Usamde om oppdrett

Osland Havbruk ønskjer å etablere oppdrettsanlegg ved Kongsnes i Balestrand, men det går Jeger- og fiskelaga i Balestrand og Høyanger sterkt i mot. Dei ser med uro på den aukande mengda oppdrettsanlegg. Mellom anna meiner dei dette gir ein massiv auke av lakselus, samt at det trugar villaksen. Dagleg leiar i Osland Havbruk, Erik Osland, meiner innvendingane er som venta, og ønskjer ikkje å seie så mykje om kritikken. Saka skal opp i formannskapsmøtet i mars.