Hopp til innhold

Usamd i krass kritikk frå Pasientombodet

Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane kjem i årsrapporten sin med krass kritikk av Fylkeslegen og deira kompetanse i saker om pasientar sin rettstryggleik. Fylkeslegen kjenner seg ikkje att i skildringane.

Per Stensland

USERIØST: Språkbruken i kritikken frå pasient- og brukarombodet, høyrer ingen stad heime, meiner Fylkeslege Per Stensland.

Foto: Arne Stubhaug

– Det er heilt greitt at vi er usamde i saker. Det som er ugreitt er å ta utgangspunkt i ei sak og så fremje påstand om inkompetanse i ein annan organisasjon. Det er ein språkbruk som ikkje høver seg og som heller ikkje kan seiast å vere seriøst, seier fylkeslege Per Stensland.

Det er Pasient- og brukarombod Lisa Førde Refsnes som i årsrapporten for 2014 rettar krass kritikk mot Fylkeslegen. Bakgrunnen er ei sak der dei to instansane ikkje var samde om eit tilbod var forsvarleg eller ikkje for ein pasient.

– Vi stiller spørsmål ved kva kompetansen kontoret har på regelforståing i klager der pasientar opplever å ha fått for dårleg eller mangelfullt tilbod frå helsevesenet, forklarar Refsnes.

Kjenner seg ikkje att

På bakgrunn av saka har Refsnes også kopla på Helsetilsynet, og bede dei om å sjå på kva kompetanse Fylkeslegen har i klagesaker om pasientrettar, for å sjå om liknande saksbehandling har skjedd fleire gonger.

– Det verkar ikkje som ein glipp, men som feil i høve tankegangen, utdjupar Refsnes.

Fylkeslegen understrekar at alle saker blir vurderte både av helse og juridisk personell. Han ser ikkje på det som problematisk at Helsetilsynet skal sjå nærare på den konkrete saka.

– Eg reagerer ikkje minst på vegner av mine medarbeidarar, som jobbar i ein seriøs organisasjon, og som går grundig og omhyggeleg inn i saker.

Oppfattar du det som mistillit?

– I årsrapporten står det at dei uttrykker uro for om vi har kompetanse til å ta vare på pasientane sine lovfesta rettar, det er ein kraftig ordbruk, seier Stensland.

Nødvendig å kome med kritikken

Pasientombodet forstår at kritikken ho kjem med kan oppfattast som krass, men seier den er nødvendig.

Lisa Førde Refsnes

KRITISK: Pasient- og brukarombod i Sogn og Fjordane, Lisa Førde Refsnes, stiller spørsmål til om Fylkeslegen sin kompetanse i saker om pasientrettar er god nok.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Det er ikkje behageleg for meg å seie noko slikt, men det er jobben min å seie frå når kompetansen, etter mitt skjønn, ikkje er slik den burde vere.

Den konkrete saka har pågått lenge, og allereie i sommar lufta Pasientombodet sin frustrasjon med fylkeslegen. Begge partar trur at samarbeidet framover vil fungere godt, trass i usemja og kritikken som har kome.

– Vi har heile tida ulike former for samarbeid med Pasientombodet, og vi møtest for å diskutere og samarbeide i saker, og det kjem vi til å halde fram med, trur Stensland.