- Dei vil ikkje ha same evne til å kunne hjelpe oss om vi skulle få uventa driftsproblem på smeltesida, seier Bårdsen.
Skilnad på kvaliteten
Produksjon av felgar ved Fundo. Foto: NRK
Men Hydro har likevel forplikta seg til å levere inntil 8000 tonn aluminium til Fundo Wheels fram til 2011. Med den bølgjedalen Fundo er inne i no er det meir enn nok. I fjor brukte dei 200 tonn. Problemet er likevel kvaliteten på aluminiumet dei skal få levert når søderbergomnane blir stengde.
- Vi brukar eit metall som har betre kvalitet enn det som metallverket brukar til sin vanlege produksjon, seier Bårdsen. Difor har Fundo Wheel investert i eigen omsmeltingsomn, seier han.
- Utarmar miljøet
Bårdsen seier også at det verkar svært negativt at det industrielle miljøet i Høyanger blir utarma.
- Det at ei industribedrift trappar så kraftig ned, utarmar heile det industrielle miljøet, seier han.