– Vi har ikkje noko val. Viss vi vil vere i denne bransjen, må vi omstille oss på best mogleg måte. Likevel synest vi at fråværsgrensa ikkje er noko positivt for oss.
Per Lysholt ved Pers Trafikkskule i Førde ser utfordringar for trafikkopplæringa etter at fråværsgrensa i 2016 vart innført i den vidaregåande skulen. Han prøver å tilpasse opplegget slik at elevane får variert trafikkerfaring, men meiner køyring på kveldstid og i helg gjev dårlegare læringsutbytte.
– Elevane får gjerne for lite mengdetrening i trafikk om dei ikkje får køyre på dagtid. Om dei køyrer i rushet om ettermiddagen, kan det nesten bli for mykje trafikk for dei ferske sjåførane.
Førarkortet kan bli dyrare
I dag reknar ein at førarkort for bil i snitt kostar 30.000 kr. Om ein må bruke lenger tid på opplæringa, kan det føre til at sertifikatet blir dyrare.
– Når elevane ikkje får fri på skulen slik dei gjorde tidlegare, tek opplæringa mykje lenger tid. I seg sjølv er ikkje det negativt, for vi ønskjer gjerne opplæring over litt tid, men det kan vere utfordrande for dei som ikkje har høve til å lærekøyre mellom køyretimane, seier Lysholt.
Han tenkjer spesielt på dei som bur heimanfrå på hybel i Førde.
– Det er negativt om dei ikkje får køyrt effektivt i køyretimane, for dei får kanskje ikkje lærekøyrt heime den perioden.
Kvalitet den største utfordringa
– Det er ei kjempeutfordring at elevane ikkje får prøve seg i ulike trafikkbilete, seier Torgeir Abusdal i Autoriserte Trafikkskolers Landsforbund (ATL).
Abusdal er kritisk til at mykje av køyringa må gå føre seg på fritida, som i helg og om kvelden, når det gjerne er lite trafikk og elevane er trøytte og slitne.
Erik Steinbråten i bransjeorganisasjonen Trafikkforum, som
, deler denne bekymringa. Også han trekkjer fram kvaliteten i trafikkopplæringa som den største utfordringa.– Dersom ein skal køyre mykje utanom vanleg tid, kan det ofte vere lite trafikk, slik at det blir vanskeleg å få god nok kvalitet på opplæringa med omsyn til trafikk og ulike situasjonar som oppstår.
- Les også:
Har ikkje gitt opp kampen
PROVOSERT: Torgeir Abusdal er provosert over at trafikkopplæring blir sett på som skulk.
Foto: PrivatTorgeir Abusdal (ATL) understrekar kor viktig det er at elevar kan ta sertifikat.
– Eg er provosert over at trafikkopplæring blir sett på som skulk. I mange yrke er det naudsynt med førarkort. I distrikta er store avstandar òg eit problem som gjer det vanskeleg å utsetje førarkortet.
Abusdal meiner den obligatoriske delen av trafikkopplæringa som eit minimum bør vere godkjent fråvær.
– Vi har ikkje gitt opp kampen mot fråværsgrensa, men registrerer at det er liten velvilje i den politiske leiinga.
Ikkje eit stort problem
Utdanningspolitisk talsperson i Høgre Marianne Synnes meiner det er mogleg å gjennomføre trafikkopplæring med den fråværsgrensa vi har i dag, også på dagtid når det er trafikk.
– Eg ser ikkje problemet. Elevane har ein fleksibel timeplan med fritimar og studiedagar. Eg har sjølv ei dotter som er i ferd med å ta sertifikat, og vi har ikkje møtt på problem med fråværsgrensa.
Synnes har forståing for at det kan vere utfordrande for køyreskulane, men ser det ikkje det liggje i korta at trafikkopplæring skal bli godkjent fråvær.
- Les også: