Hopp til innhold

Uroa for høge smittetal i Bergen – vil innføre tiltak mot barn og unge

På ei veke har 105 personar i alderen 6 til 29 år fått påvist smitte i Bergen. FHI tilrår kommunen å innføre tiltak mot barn og unge.

Roger Valhammer

UROA: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) i Bergen.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Fagfolk i Bergen kommune skal gjennom helga vurdera kva tiltak som må setjast inn i Bergen.

Deretter skal byrådet i neste veke bestemme kva som skal gjerast i eit forsøk på å få ned dei jamt for høge smittetala i Bergen.

– Me har ikkje hatt noko større utbrot eller større vekst, men vi har i ein for lang periode ikkje klart å få ned smittetala. Me har for høg grunnsmitte, som betyr at me er eitt steg lenger unna kontroll og nærmare fare for at det plutseleg kan blussa opp, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Snittet på antal smitta den siste veka, er på 30,7 nye kvar dag. I dei yngre aldersgruppene fordeler smittetallene seg slik den siste veka i Bergen:

  • 6-12 år: 11 smittetilfelle
  • 13-19 år: 51 smittetilfelle
  • 20-29 år: 43 smittetilfelle

Tiltak for å få ned smittetrykk

Medianalderen for smitta i Bergen har under heile pandemien vore på 30 år. Dei siste fire vekene har det derimot gått ned, viser tal frå kommunen:

  • Medianalder for smitta er 27 år.
  • 3,8 prosent av dei smitta er i barnehagealder
  • 6 prosent av dei smitta i barneskulealder
  • 19,3 prosent av dei smitta er i ungdom- og vidaregåande skulealder.

FHI har tilrådd Bergen å vurdera målretta tiltak mot barn og unge. Moglege tiltak er:

  • Raudt nivå på skular og barnehagar med høgt smittetrykk
  • Avgrensingar på idretts- og fritidsaktivitetar
  • Avgrensingar knytt til gjennomføring av arrangement og sosiale samkomer.

– For å slå ned grunnsmitten er vi likevel avhengige av at alle trør til i Bergen. Hald talet på nærkontaktar nede. Det er klokt å avgrensa talet på besøk i tida framover, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Raudt nivå på skular som treng det

Skulebyråd Endre Tvinnereim (Ap) seier Bergen allereie frå i dag av kan innføra raudt nivå på dei skulane som treng det.

Det vil ikkje bli innført eit generelt raudt nivå i kommunen.

– Vi må målrette tiltaka så langt som mogleg. Vi opnar også for bruk av munnbind hjå lærarar og dei eldste elevane på skulen, seier Tvinnereim.

Byrådet i Bergen vil neste veke koma tilbake til kva tiltak dei har bestemt seg for å innføra for å få ned smitten i byen.

– Vi ønskjer ikkje innføra tiltak som råkar barn og unge. Derfor tek vi oss tid til å nøye vurdere dette gjennom helga. Vi kjem med meir informasjon på måndag, seier byrådsleiar Valhammer.