Hopp til innhold

UP: – Kaotisk og uhaldbart

Vogntog har stått på kryss og tvers dei siste dagane. Kaotisk og uhaldbart, seier UP-sjef Leon Nordanger.

Vogntog i grøfta

Dette vogntoget hadde ikkje kjettingar på då det havna i grøfta på E16 ved Sundve i går.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Dei siste to dagane har mellom 20 og 30 vogntog vore innblanda i ulike hendingar på vegane i Hordaland , opplyser Statens vegvesen til NRK.

Sjå den tettskrivne loggen frå vegtrafikksentralen her!

– Temmeleg kaotisk og uhaldbart, seier distriktsleiar Leon Nordanger i Utrykningspolitiet (UP) om situasjonen dei siste dagane.

– For lite kontrollar

Leon Nordanger

UP-sjef Leon Nordanger meiner det trengs fleire kontrollar.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Både politiet og Statens vegvesen kontrollerer dekk og kjettingar på vogntog, men Nordanger meiner det ikkje blir gjort nok.

Han seier at mange vogntog-sjåførar blir overraska når dei opplever vintervegane i Norge for første gang.

– Det trengs både auka kontrollaktivitet og meir opplæring av sjåførane i korleis ein skal legga på kjettingar, seier Nordanger.

Ulike reaksjonar

UP-sjefen fortel at sjåførane som kjem i vanskar på glatten reagerer veldig ulikt.

– Nokon er ganske fortvila, mens andre berre trekkjer på skuldrene og er likegyldige, seier Nordanger.

To gonger i grøfta

Voss Bilberging opplever kaoset på kroppen. Det kan ofte gå mange timar å berga eit vogntog som har kjørt seg fast eller havna i grøfta.

– Dei fleste av våre sjåførar har berre sove ein time eller to i natt, sa Olaug Hamre i Voss Bilberging til NRK i går føremiddag.

Problemløysarane på Voss har opplevd mykje forskjellig dei siste dagane, blant anna å berga det same vogntoget to gonger.

– Vi hadde ein som vi berga opp igjen frå grøfta. Så kjørte han nokre kilometer, og så var han i grøfta igjen og måtte bergast på nytt, seier Hamre.

Voss Bilberging

Det har vore travle dagar for dei tilsette på Voss Bilberging.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK