Hopp til innhold

UP trur pandemi og heimekontor kan vere årsaka til meir ruskøyring

Talet på ruskøyringssaker i Noreg aukar for andre året på rad. UP-sjef trur at pandemi og heimekontor kan vere ein av årsakene til den negative utviklinga.

Politiet i arbeid.

BLES I DET: Politiet har avdekka fleire ruskøyrarar i år enn i fjor.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Vi har spekulert i at pandemien fører til auka rusmisbruk og at det gir seg uttrykk på vegen, seier sjef for Utrykkingspolitiet i Noreg, Jon Steven Hasseldal.

Han forsikrar at dette førebels berre er ein hypotese, men at det kan vere ein av årsakene til at politiet stadig vekk tek fleire som køyrer med alkohol eller narko i blodet.

– Det er fleire som har spekulert i om auka bruk av heimekontor fører med seg at fleire brukar rusmiddel, seier Hasseldal.

I det første pandemiåret i fjor blei om lag 10.300 bilistar melde for køyring i rusa tilstand. Tal som uroar UP-sjefen.

– Vi må heilt tilbake til 2002 for å finne tilsvarande høge tal. Når vi ser tala fram til og med april, så ser vi at det er ein auke frå i fjor. Det er urovekkande at så mange blir tatt.

Mørketala kan ha gått ned

Auken er førebels på 7 prosent i høve fjoråret.

Forsking har tidlegare synt at det kvar dag kan vere så mange som 140.000 bilturar kvar dag med rusa bilistar.

Men Hasseldal trur at mørketala kan ha gått noko ned. Ikkje minst fordi politiet har fått betre utstyr og trening til å avdekke køyring i narkorus.

– Vi veit at ruskøyring er ein viktig årsak til alvorlege ulukker. Difor uroar det oss at tala aukar, seier Hasseldal.

Øst politidistrikt

UP UROA: Jon Steven Hasseldal er sjef for Utrykkingspolitiet i Noreg.

Foto: Tore Meek / NTB

– Urovekkande

At talet på melde rusførarar aukar i dei fleste politidistrikta, uroar også generalsekretær i MA – Rusfri Trafikk, Elisabeth Fjellvang Kristoffersen.

– Det er svært urovekkande. Er du mellom 18–24 år og køyrer med ei promille på 0,5 aukar sannsynlegheita for å bli drepen med 900 gonger, seier Kristoffersen.

Så langt i år er over 3200 bilførarar melde for fyllekøyring i landet.

– Det er nok berre toppen av isfjellet, meiner Kristoffersen.

Mange unge blir tatt

I Vest politidistrikt blei 65 personar meldt for fyllekøyring i april. Det er ei auke på tolv prosent frå i same månad i fjor.

Aldersgruppa 25–34 år er verstingane i klassa.

– Vi ser igjen at førarar som har heile livet framfor seg, har dårlegast haldningar. I delar av landet ser vi at aldersgruppa ikkje tar promillekøyring på alvor, seier generalsekretæren og legg til:

– Tal frå politiet viser også at 9 av 10 meldte til politiet fyllekøyrarar er menn.

Tal på fyllekøyringar i april

Distriktskontor

april 2020

april 2021

Skilnad i prosent

Oslo politidistrikt

57

81

42 %

Øst politidistrikt

101

136

35 %

Innlandet politidistrikt

46

59

28 %

Sør-Øst politidistrikt

134

111

-17 %

Agder politidistrikt

72

60

-17 %

Sør-Vest politidistrikt

78

83

6 %

Vest politidistrikt

58

65

12 %

Møre og Romsdal politidistrikt

32

26

-19 %

Trøndelag politidistrikt

77

71

-8 %

Nordland politidistrikt

38

40

5 %

Troms politidistrikt

22

26

18 %

Finnmark politidistrikt

12

21

75 %

Totalt:

727

779

7 %

Ekspander/minimer faktaboks