Hopp til innhold

UP teppelegg vegane i dag

Eit europeisk samarbeid skal få folk til å seinke farten.

UP på Bruland i Førde

SJEKKAR ALLE: Politiet er på vegane i dag og sjekkar det meste. UP deltek i eit europeisk arbeid for å trygge vegane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– I dag brukar vi alle ressursane vi har på fartskontrollar, fortel distriktssjef Terje Oksnes i Utrykningspolitiet på Vestlandet.

Europeisk samarbeid

Det betyr at om du har tenkt ut på vegen i dag, er det stor sjanse for at du møter politiet. Aksjonen er ein del av ei europeisk tryggleiksveke der politiet set fokus på fart.

– Vi har jo fartskontrollar heile tida, men det som er spesielt i dag er at alle gjer det same, seier Oksnes.

UP er på 143 stader med 219 mannskap på vegane, og dei sjekkar ikkje berre fart.

– Når vi har slike aksjonar sjekkar vi det meste. Bilbeltebruk og rus mellom anna.

For det er mykje gale du kan gjere bak rattet. Mellom anna sjekkar politiet om du ligg for tett inntil bilen framføre deg på vegen. Gjer du det, kan du ende opp med ei bot på 5000 kroner og tre prikkar i førarkortet ditt.

Her kan du lese meir om europasamarbeidet på vegane

Mista lappen i 60-sone

Terje Oksnes, UP

ALLE MANN ALLE: – I dag gjer vi ikkje mykje anna enn å sjekke bilistar på vegane, fortel Terje Oksnes, distriktssjef for UP på Vestlandet.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Kontrollane går føre seg over heile Europa gjennom 24 timar.

Det var også kontroll på onsdag på Fløtre på E39 i Sogn og Fjordane, og der fekk 23 bilistar bøter for høg fart.

– Ein person fekk kverrsett førarkortet sitt også. Vi målte farten i ei 60-sone der, og vedkommande hadde ein fart på 89 kilometer i timen, seier distriktssjefen.

Den kontrollen vart gjennomført onsdag ettermiddag, og Oksnes seier fleire enn vanleg vart tekne der.

– Det er litt over snittet i Sogn og Fjordane på slike kontrollar, men det ligg jamt med UP-distriktet.