- Dette er ikkje realistisk, det er politisk drøymeri, seier Braanaas, som no fryktar at etablerte oppdrettarar vil omgå regelverket for å få dei nye konsesjonane.
Men det vil vere stikk i strid med intensjonane til fiskeridepartementet, som la til grunn at dei nye konsesjonane skulle bidra til rekruttering av nye aktørar til oppdrettsnæringa.
Må stille 10 millionar
Det er kravet til eigenkapital som stengjer nye ute. Banksjef Agnar Lyng i Nordea i Måløy seier ein ny kunde må ha ein eigenkapital på omlag 10 millionar kroner.
For kvar av dei fire konsesjonane til lakseoppdrett som skal fordelast i Sogn og Fjordane har ein prislapp på 5 millionar kroner. Så må ein rekne om lag eit liknande beløp i grunninvesteringar for å kome i gang, i tillegg til at fisken skal kjøpast inn og drivast fram. Dermed kan ein ha nærma seg 20-25 millionar før ein har tent ei einaste krone.
Banken kan nok bidra med ein del av desse kronene i form av lån, men du må nok både ha tilgang til og vere villig til å satse omlag 10 millionar kroner i eigenkapital om du skal kunne gjere butikk utav ein slik konsesjon.
Ventar stor interesse
Viss fiskeridepartementet meiner alvor med måla om rekruttering, burde kanskje konsesjonane vore gratis?
- Nei, det er heilt urimeleg, seier Thorild Widvey i fiskeridepartementet. Det er så mange som er interesserte i dei nye konsesjonane at det ikkje er vits å gi dei vekk gratis, forklarer Widvey.
Fiskeridepartementet avviser at dyre, nye oppdrettskonsesjonane vil hindre rekruttering i oppdrettsnæringa. Widvey trur tvert i mot at dei skal klare å skape nyrekruttering i oppdrettsnæringa gjennom fordelinga av dei nye konsesjonane.
- Søknadsfristen går ut i slutten av september, og då får vi sjå kor mange som har søkt. Eg er sikker på at interessa vil vere stor, seier Widvey.
Men det hjelper lite å søke på ein konsesjon viss du ikkje har ein bank i ryggen til å hjelpe deg med å finansiere planane. Og i ei tid der forsikringsselskapa vurderer å nekte oppdrettsselskap forsikring mot ILA-sjukdom fordi faren er så stor, vil det vere rein gambling å låne seg opp til å starte i næringa, i følgje Braanaas.