Hopp til innhold

Unni (61) laga «bunad» av stoltrekk, dukar og gardiner: – Nokre vil sikkert seie «æsj»

Masseproduksjon frå utlandet trugar norske handverkstradisjonar. Men verken auka bruktsal eller heimelaga festdrakter skremmer dei tradisjonelle norske bunadssyarane.

Unni Brekke festdrakt

AMATØRSYAR: Unni Brekke (61) med gjenbruksstoffa. Den ferdige drakta til venstre. – Ho ser finare ut enn ho er, ler Brekke.

Foto: Privat

Produksjonen og salet av nye bunadar aukar, særleg for menn, ifølge Norsk Flid Husfliden og Norske Bunader. I tillegg går det mot eit rekordår i søket etter brukte bunadar på Finn.

Nordmenn vil ha bunadar som aldri før.

Men Unni Brekke (61) frå Bergen kjøper verken nytt eller brukt. I staden har ho laga sitt eige festplagg. Ideen vart tend då ho såg eit brukt stoltrekk.

Av dette, samt gamle dukar, gardiner og ei arva sølje, har Brekke no sydd sin eigen festdrakt av gjenbruksstoff.

– Det er gull å gå på loppemarknad. Ein kan finne så mange skattar billeg, og det er miljøvennleg, seier Brekke.

Gjenbruksbunad

GJENBRUK: Heidi Helén Thorsen er avbilda i festdrakta. Skjorta og stakken er laga av ein farga linduk, overdelen av eit stoltrekk. Forkledet er sydd av ein duk og gardin. Sølja fann Brekke i mor sitt smykkeskrin.

Foto: Privat

Kosta under 500 kroner

Prislappen kom på under 500 kroner. Tradisjonelle bunadar kan kosta over hundre gongar så mykje.

I tillegg er ho altså oppteken av miljøaspektet. Den siste tida har det vore fokus på at ein tredel av mikroplastfibrane som hamnar i havet kjem frå kleda våre. Etter oljeindustrien er tekstilindustrien den mest forureinande industrien i verda, og nordmenn sitt kleforbruk aukar.

Hobbysyaren Brekke gjekk rundt i butikkar for å sjå korleis bunadar var laga før ho skulle sy drakta. Ho fryktar ikkje det etter kvart så velkjende «bunadspolitiet».

– Men nokre vil sikkert seie «æsj», og at dette er heilt tullete, trur 61-åringen.

– Masseproduksjon trugar

Det nasjonale kompetansesenteret Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt rosar Brekke sitt initiativ, men vil vera tydeleg på skiljet mellom festdrakt og bunad.

Camilla Rossing leder for instutt for folkedrakt og bunad

POSITIV: – Eg likar god gjenbruksand, seier Camilla Rossing, leiar for Norsk institutt for bunad og folkedrakt.

Foto: Valdres Museet

– Eg likar god gjenbruksand, men om ein tek utgangspunkt i ein konkret bunad, så vil me heller oppfordra til å bevara handverket, seier leiar Camilla Rossing.

Ho peikar på at tradisjonelle bunader er sydd solide, slik at dei varar i generasjonar. Difor tykkjer ho dei er svært miljøvennlege.

– Dei norske bunadane er truga på fleire hald, men ikkje av festdraktene, seier Rossing.

Hovudtrugsmålet mot bunaden meiner Norsk Institutt for Bunad og Folkedrakt kjem frå masseproduksjon i utlandet, der særpreget kan forsvinna.

– Mange vil læra om tekstil og saum, men det finst få utdanningar innanfor dette som kan bringa handverk og tradisjon vidare. Det er eit kjempeproblem, meiner leiaren.

Norske bunadssyarar aukar omsetnaden

Norsk Flid Husfliden produserer bunadar i Noreg, og seier dei ikkje merkar noko til auka gjenbruk og bruktsal når det kjem til festdrakter. Snarare tvert imot.

– Me har dei siste åra tilsett fleire, og auka omsetnaden med 50 millionar, seier kjedeleiar Per Willy Næsseth.

Han seier dei lever godt med konkurransen frå eigenkomponerte festdrakter.

– Det er ein fint at folk tek tak og designar og syr berekraftige drakter. Det fører sykunnskapar vidare, meiner han.