Hopp til innhold

Unngå borrelia

Det er ei rekkje tiltak ein kan settje i verk for å unngå å bli smitta av Lyme Borreliose.

I 2006 vart det registrert 24 tilfelle av sjukdomen, medan det i fjor vart registrert rekordhøge 28 tilfelle. Så langt i år har Folkehelseinstituttet fått inn melding om sju tilfelle.

Overført gjennom spytt

Borreliainfeksjon er den vanlegaste vektoroverførte sjukdom i Europa. Vertsdyr er gnagarar og fuglar. I Norge er det skogflått og fuglefjellflått.

Smitta skjer ved at flåtten sitt spytt kjem inn under huda. Inkubasjonstida er 3-32 dagar etter bitt. Borrelia vert behandla med penicillin eller doksycyklin i 10-14 dagar ved tidleg lokal sjukdom.

Kontroller kroppen

Ved ferdsel i område med mykje flått, vert det rådd til å dekke til bar hud med klede og eigna sko. Bruk av insektrepellentar på hud og klede reduserer tal flått som festar seg.

Etter ferdsel i utsette område bør ein om kvelden inspisere huda, spesielt hjå born. Ein må også undersøke kleda, også på innsida, slik at eventuell flått ikkje skal få feste seg ved seinare høve. Dusj vert også anbefalt.

Rask fjerning

Flåtten bør fjernast frå kroppen så raskt som mogleg. Sjansen for overføring av spiroketen er liten før 24 timar og aukar vesentleg etter 48 timar. Flåtten vert best fjerne ved å trekkast ut.

Det gjer ingenting om litt av bitereiskapen sit att.

Kontakt lege

Folkehelseinstituttet anbefalar ikkje rutinemessig antibiotikabehandling etter flåttbitt, men dersom pasienten får feber, utslett elelr sår i bittområde den første månaden etter bittet, bør ein kontakte lege.