Hopp til innhold

Universitet droppar utdanningsmesser: – Lite relevant og for kommersielt

Udanningsmesser for skuleelevar er ikkje lenger framtida, meiner to av landets mest markante utdanningsinstitusjonar. Elevorganisasjonen meiner dei tek fullstendig feil.

Jente på utdanningsmesse

DROPPAR MESSER: Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole meiner utdanningsmessene er lite relevante for elevane. Avgangselev Marthe Feness frå Askøy er ueinig. – Det er annleis å snakka med nokon direkte.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

For første gong har Universitetet i Bergen (UiB) og Norges Handelhøyskole (NHH) valt å ikkje delta på utdanningsmesser.

Messene har mist sin relevans og når ikkje lenger målgruppa, meiner skulane.

I staden vil dei bruka pengane andre stader og heller oppsøka elevar på sin eigen messeturné gjennom samarbeidsprogrammet Utdanning i Bergen.

– Messene har mist sin relevans

Nitti prosent av studentar som byrja ved universitetet i fjor oppgav nettstader og dialog med andre studentar som avgjerande for sitt studieval.

– Me ynskjer å dreia verksemda vår mot kanalar me veit elevar i større grad nyttar, seier viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal.

– Studentane skaffar seg informasjon på andre måtar no enn tidlegare. Det må me retta oss etter, seier kommunikasjonssjef ved NHH, Kristin Risvand Mo.

Sylvia Lind

FRAMLEIS RELEVANT: Leiar i Elevorganisasjonen Sylvia Lind, meiner skulane bør gjera seg tilgjengeleg i alle kanalar der elevane er, også på utdanningsmesser.

Foto: Elevorganisasjonen

Leiar i Elevorganisasjonen, Sylvia Lind, stiller seg sterkt undrande til påstanden om at messer ikkje lenger er relevante.

– Det høyrest ut som ei ekstremt subjektiv oppfatning som i beste fall dannar eit kunstig bilete av korleis stoda er, seier Lind.

I fjor haust sende UiB og NHH brev til alle ungdomsskular og vidaregåande skular i Hordaland, Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal med beskjed om at dei ikkje lenger vil delta på utdanningsmesser, som einaste norske universitet og høgskule.

Brevet er også signert kommunaldirektør i Bergen kommune og fylkesdirektør for opplæring i Hordaland.

– Premisset er at elevane skal få størst mogleg valfridom. Da gir det lite mening om ein skal eksludera utdanningsmessene.

Sylvia Lind, leiar Elevorganisasjonen

Fryktar monopol

Utdanningsmessene AS, som står bak Noregs største utdanningsmesse, meiner lærestadene bryt konkurranselova.

– Dette er eit forsøk på å pressa private aktørar ut av marknaden. Det verkar som om UiB og NHH heller vil informera elevar eksklusivt om sitt studietilbod, seier styreleiar Eivind Alstad, som no har meldt saka til Konkurransetilsynet.

Bernt Roarsen

Dagleg leder i Utdanningsmessene AS Bernt Roarsen, reagerer sterkt på at UiB og NHH droppar å delta på utdanningsmessa Ta Utdanning.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Messeselskapet, som er den største av svært få aktørar på marknaden, fryktar ein monopolsituasjon ved at universiteta får til ein særavtale med skuleeigarane.

– Viss alle dei store institusjonane lèt vera å vera med, vil utdanningsmessa bli lagt ned. Då vil berre dei store universiteta få marknadsført seg, medan dei mindre aktørane vil forsvinna. Det vil til sist gå ut over elevane, meiner dagleg leiar Bernt Roarsen.

Utdanningsmesse Bergen

VEGVAL: Helena Heimdal og Celine Kløften Drønen var ikkje klar over at UiB ikkje var til stades. – Eg trur dei kan tapa elevar på det, sjølv om internett er ein vitktig arena, seier Heimdal.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ut mot kommersialisering

UiB meiner også utdanningsmessene er blitt stadig meir kommersialiserte ved at aktørar som ikkje er direkte utdanningsrelevante får innpass.

Samdal trekkjer fram førarkortskular og reiselivsaktørar som døme.

– Eg meiner me har blitt flinkare til å avvisa useriøse aktørar. Me skal fylla behova til elevar og rådgjevarar med mål om å gje relevante tilbod. Det gjer me, meiner Alstad, som avfeiar kritikken.

Oddrun Samdal

ENDRING: Viserektor for utdanning ved UiB, Oddrun Samdal seier UiB vil retta ressursane mot sosiale medium og universitetet sine nettsider.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

– Så lenge det er reelle utdanningsval for elevar som er ferdige med vidaregåande utdanning, er det heilt uproblematisk at både private og offentlege aktørar er til stades, meiner Lind i Elevorganisasjonen.

Konkurransetilsynet vil ikkje kommentera saka.