Hopp til innhold

Unikt haustver fører til dilemma for bøndene

Finvêret i haust gjev gode avlingar for bøndene. Fleire stader i fylket er dei faktisk i gong med den tredje slåtten. Og det er svært uvanleg.

Ole Kristian Aasen

FØRSTE GONG: Bøndene kjenner på det fine vêret i haust. Ole Kristian Aasen på Haugen i Eid gjer klart for den tredje slåtten i år. Det har han aldri gjort før.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Mange bønder i bygdene Remmedalen, Hjelmelandsdalen og Haugen i Nordfjord har ein ting til felles denne flotte septemberveka med strålande vêr: For mange bønder er den tredje slåtten er i gong.

Bonde Ole Kristian Aasen på Haugen i Eid står og ordnar med pressa som heng bak traktoren. Fast tradisjon er to slåttar. For dei har korkje klima eller vêr til å drive tre slåttar.

Men no gjer han altså klar til å pakke foret i rundballar for tredje gong i år. Aldri før har han teke til på den tredje slåtten.

– Eg har ikkje hatt noko problem med det, for å seie det slik. I år er det sopass god ettervekst etter andre slåtten at ein eigentleg ikkje har noko anna val, seier Aasen.

Ikkje problemfritt med tredje slått

Ekstra fôr til dyra kan høyrast svært bra ut. Men det er også slik at kvaliteten som regel går ned for kvar slått.

– Første slåtten er den med best kvalitet, men andre kan bli like bra om du slår til rett tid. Det har litt med tidspunktet du haustar på. Denne tredje slåtten gir ikkje noko særleg produksjon til mjølkedyr. Det er ikkje gjødsla og består kanskje mykje av fukt. Dette foret er meir til unge dyr, seier Aasen.

– Det blir eit mindreverdig fôr i forhold til første og andre slått?

– Ja, så lenge ein ikkje har planlagt det med gjødsling vil det bli litt fuktig med mykje vatn.

Aasen slo difor graset måndag, og lèt det ligge til tysdag og kanskje onsdag, for å få det tørrast mogleg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ole Martin Rafshol

DYREVELFERD: Ole Martin Rafshol på Stårheim vil late dyra beite den tredje slåtten.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er mykje diskutert kor mykje gras som bør stå att, og om det lønar seg å slå eller om ein heller skal la dyra beite enn å gjennomføre den tredje slåtten. For ein tredje slått har nemleg sine utfordringar. Graset bør vere ei viss lengd til vinteren.

– Det er ikkje gunstig om eg slår no, og får frost rett ned i det. Det vil ta knekken på det, og skadane får du att neste år. Eg bør få litt vekst i det att før vinteren, seier Aasen.

– Eg føler at det på ein måte kan vere feil å slå, og på ein måte kan vere feil å la det stå. Eg tykkjer det er ei veldig vanskeleg avgjerd, seier han.

Dyrevelferd og bondevelferd

I eit nydeleg haustvêr kikar bonde Ole Martin Rafshol utover grøne marker på Stårheim. Men i motsetnad til Haugen, er det ganske stilt på Stårheim. Til trass for at graset er høgt.

– Eg burde vel ha slege, men eg brukar å ta heim dyra i september, og la dyra beite tredje slåtten. Det har eg tenkt til å gjere i år også. Men eg fryktar eg må fare over med beitepussar, for dei tek vel ikkje alt, seier Rafshol.

Han meiner moglegheita til å beite slåtten er eit godt alternativ.

– Dyra har det i alle fall fint: Sola skin og dei kan vasse i mat til langt opp på låret. Dei treng ikkje stå inne på bås, og det må jo vere veldig bra, seier Rafshol.

– Så det er dyrevelferd?

– Eg meiner det. Dei får kome ut heile døgeret, vere ute dag og natt.

Og ein haust som denne gir også god bondevelferd.

– Vi har hatt nokre veldig sure haustar dei siste åra, med to sett med regnklede for dagen. Det har ikkje vore stas. Men i år er det fint, seier Rafshol.