Hopp til innhold

Unikt bilete over Sør-Noreg: – Som eit måleri frå lufta

Dette satellittbiletet er eit sjeldan syn. På grunn av det fine vêret over Sør-Noreg er heile landsdelen langt meir synleg enn vanleg.

Uvanleg satelittbilete frå meteorologane. Nattbilete viser Sør-Noreg som ein sjeldant ser.

NATTBILETE: Slik ser Sør-Noreg ut når det er mørkt og ingen skyer.

Foto: Meteorologisk institutt

Meteorologisk institutt tek i bruk poetiske formuleringar når dei skal skildre satellittbiletet som vart teke i natt over Sør-Noreg.

På biletet kan ein sjå lyset frå tallause byar og tettstadar som lyser mot nattehimmelen.

Vakthavande meteorolog, Marit Berger, seier det er uvanleg at både Aust- og Vestlandet har så bra ver på same tid.

– Det er eit fint bilete som viser noko så sjeldan som at heile Sør-Noreg har lite skyer. Ofte er det slik at dersom det er skyfritt på Austlandet så er det masse skyer på Vestlandet - eller omvendt.

Ho forklarar den uvanlege situasjonen med eit høgtrykk som i desse dagar ligg over Færøyane.

– Med den plasseringa av høgtrykket så fører det til at heile Sør-Noreg, sør for Stad, blir liggande i ein god posisjon.

God teknologi

Teknologien som fangar opp nattbileta har dei siste åra blitt så god at det meste blir fanga opp. Dermed kan ein konkludere med at det knapt var ei større sky over heile Sør-Noreg i natt.

– Tåke kan iblant vere vanskeleg å sjå fordi det er dårleg kontrast, men dei store frontsystema er lettare å sjå, seier Berger.

Satellittbiletet frå heile Noreg i natt viser tydeleg at det er lågtrykk over delar av Nord-Noreg, medan det er klart og fint i Sør-Noreg.

Bilde over heile Noreg - som viser forskjellen i mengder skyer i Sør-Noreg og Nord-Noreg.

SKYER I NORD: Satellittbiletet viser at det er klart i Sør-Noreg, men skyer i Nord-Noreg.

Foto: Meteorologisk institutt

Snø i nord

Dei nærmaste dagane er det meldt kjøligare ver i Nord-Noreg og Midt-Noreg, som kan bety snø.

– Det ser ut som det kjem eit lågtrykk som blir liggande mellom fastlandet, Grønland og Svalbard. Det tek med seg kaldluft frå Stad og nordover.

Det er førebels litt usikkert kor snøgrensa vil kome, men truleg lågare enn det som har vore til no i haust.

– Det kan vere snakk om så lagt som 200 til 300 meter over havet. Det er absolutt meir vinterleg ver i vente i nord, seier Berger.

I sør kjem høgtrykket til å halde seg, i alle fall torsdag og fredag. Berger utelukkar ikkje at det kan bli ei ny skyfri natt - og fleire flotte satellittbilete dei neste dagane.