Hopp til innhold

Unike steinprøver på plass i Bergen: – Dette er «fingeravtrykk» av heile vår klimahistorie

Desse steinprøvene skal vise nøyaktig kva som skjedde då ein asteroide traff jorda for 66 millionar år sidan. Søndag skal klimaforskar Kikki Flesche Kleiven vise dei fram i årets Aarebrotforelesing.

Kikki Flesche Kleiven

VIKTIGE STEINAR: Det var klimaforskar Kikki Flesche Kleivens draumedag då ho fekk kloa i desse kopiane av steinprøver som viser undergangen til dinosaurane. Dei skal ho vise fram under Aarebrotforelesinga på søndag.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

CO₂ i atmosfæren
418,8 ppm
1,5-gradersmålet
+1,09 °C
Les mer  om klima

– Det var min personlege draumedag då eg fekk steinprøvar frå utanfor Florida, seier Kikki Flesche Kleiven.

Ho er geolog, klimaforskar og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Og har snart 20 års erfaring med å fortelje studentar om historia til jorda vår.

Søndag skal ho ta føre seg «4,54 milliardar år med klimahistorie på 200 minutt» under årets Aarebrotforelesing.

Då vil Kleiven mellom anna vise fram kopiane av stein frå havbotnen i Mexicogolfen, som ho fekk tidlegare denne veka.

– Vi kan faktisk sjå verdshistoria i eit bittelite sandkorn når vi går inn og kikar i desse sedimenta, held ho fram.

Steinprøver UiB

VISER VERDSHISTORIE: – Steinprøvene viser nøyaktig kva som skjedde då kjempeasteroiden traff jorda for 66 millionar år sidan, seier geolog og klimaforskar Kikki Flesche Kleiven.

Foto: Stian Sørum Røkenes / NRK

Heidrar god formidling

Det er tredje gang Universitetet i Bergen hyllar Frank Aarebrot med ei forelesing. Den kjende professoren og statsvitaren gjekk bort i 2017.

I samband med 200-årsjubileet for grunnlova til Noreg heldt han forelesinga «200 år på 200 minutt» i 2015.

No er Aarebrotforelesinga blitt ei markering for å heidre den munnlege formidlingstradisjonen Aarebrot var ein sterk representant for.

Kleiven skal halde årets foredrag på sin eigen bursdag, og er både stolt og livredd.

– Det er ei ganske stor ære å få heidre ein fantastisk forelesar og formidlar, ein rollemodell, seier ho om Aarebrot.

Frank Aarebrot 2

BLIR HEIDRA: Frank Aarebrot var professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Appellerer med Star wars

Klimaforskaren skal fortelje om store hendingar i klimahistoria til jorda frå starten og til i dag.

– Ein gong tok oksygen livet av alt livet på planeten. Ein annan gong var jorda ein snøball. For dei som likar Star Wars og hugsar isplaneten, slik var jorda.

Mot slutten vil ho komme inn på korleis menneske har påverka kloden dei siste hundreåra.

Kleiven peikar på at jorda sjølv regulerer balansen av klimagassar som karbondioksid.

Men sidan den industrielle revolusjonen har menneske sloppe ut klimagassane mykje raskare enn jorda er vand til.

– Der har vi sett oss sjølve i ein skikkeleg klemme, for vi har gjort oss avhengige av det.

– Ein spenstig formidlar

Forelesinga blir arrangert av UiB, familien til Aarebrot og Studentersamfunnet i Bergen.

Tidlegare har professor Bernt Hagtvet forelese om fascisme og professor Jørn Øyrehagen Sunde har snakka om 1000 år med rettshistorie.

Komitémedlem Maike Aarebrot Flick, dottera til Aarebrot, seier at heile familien gler seg til forelesinga, sjølv om det i år blir annleis på grunn av koronapandemien.

Maike og Erik Aarebrot

GLER SEG: F.v. Maike Aarebrot Flick og broren Erik Aarebrot er stolte over at faren blir heidra med eigne forelesingar.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

– Det einaste som er synd er at ein manglar fellesskapet med å ha ein fullsett aula og den sprudlande live-stemninga, seier Aarebrot Flick.

Familien er nøgd med at det no er ei kvinne som skal entre scenen.

– Eg synest ho er ein utruleg spenstig og god formidlar. Dette er noko eg lett kan høyre på i 200 minutt, seier Aarebrot Flick.

Ho trur store delar av befolkninga er oppteken av klima og vil finne årets forelesing spennande.

– Også dei som er politisk usamd i ulike klimatiltak?

– Ja, det vil eg tru. Det fine med rett kunnskapsformidling frå god forsking er at det skal vere nøytralt. Så får folk gjere seg opp ei meining etterpå.