Stor leiteaksjon etter sakna skigåarar på Hardangervidda

14 scooterpatruljar frå Røde Kors blei sett inn i leitinga etter eit ungt par som var meldt sakna på Hardangervidda.

Politiet fekk søndag ettermiddag melding om at familien var uroa for det unge paret som er på tur på Hardangervidda.

Klokka 19.30 melder politiet at dei to er gjort greie for og at dei er trygge.

Ein brøytebilsjåfør gav beskjed om at dei to var komne tilbake til bilen dei hadde parkert på Haukeliseter.

– Samtidig så fekk vi sporing på telefonane deira i dette området. Dei har det tilsynelatande heilt fint, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

Dei er begge fjellvante og godt utstyrt for langtur i fjellet.

Den unge kvinna og den unge mannen skulle gå frå Haukeliseter til Litlos og avtalen var at dei skulle gje lyd frå seg på måndag.

På grunn av uvêret i høgfjellet blei familien uroa og har kontakta politiet.

Fem snøscooterpatruljar frå Røldal Røde Kors og ni frå Vinje Røde Kors blei sendt ut for å leite etter paret.

Ifølgje politiet skulle dei innom Hellevasshytta på turen. Det er førebels uvisst om dei to har vore der.