Hopp til innhold

Unge vil til sjøs: Lange ventelister for fiske og fangst

Millionløn og kort utdanning freistar unge. Utdanningane for fiske og fangst har langt fleire søkarar enn plassar.

Jarl Odin Frøvik

FRISKT: Ein gong måtte me snu, fortel Møvik. Med sju meter høge bølger blei det vendereis for den ti meter lange sjarken.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Som lærling på fiskesjarken Vester Junior frå Måløy får Jarl Odin Møvik kjenne ein vêrhard norskekyst på kroppen.

– Det kan vere skummelt til tider, men og veldig fint. Det er gøy å sjå kva naturen har å by på, fortel Møvik om kvardagen til sjøs.

Han er ikkje åleine om å ville ha arbeidskvardagen om bord i ein fiskebåt.

Linjene for fiske og fangst på Måløy og Austevoll vidaregåande skule har langt fleire søkarar enn dei har plass til.

– Aldri hatt eit so høgt snitt før

Vivian Bjånesø Horgen er rektor på Austevoll vidaregåande skule, ho fortel at ein må ha ein snittkarakter på over 4.5 for å kome inn på fiske og fangst.

– Det er ikkje vanleg, fortel ho.

På skulen hennar har dei 60 søkarar til 30 plassar no i haust. Seinast for nokre år sidan måtte dei opne ei ekstra skuleklasse for å få plass til alle søkarane.

Større konkurranse

I kystbyen Måløy er det sju ungdommar på venteliste på fiske og fangst utdanninga. Men dei tolv plassane på utdanninga er for lengst fulle.

Og dei høge søkartala har drive opp poenggrensa for inntaket.

– Tradisjonelt sett har dette nok ikkje det vore eit studie med eit so høgt karaktersnitt, fortel ho.

Med høge søkartal vert det følgeleg og større konkurranse om plassane. For å kome inn på utdanninga må ein også her ha ein snittkarakter på om lag 4.5.

Å opne fleire klasser er ikkje aktuelt.

– I år vil det diverre ikkje bli auka tilbod på fiske og fangst-linjene, seier Øivind Høines.

Han er seksjonsleiar for inntak, forvaltning og sluttkompetanse i Vestland fylkeskommune. I Nord-Noreg har det lenge vore ei populær utdanning, på Sør-Helgeland ville nær halvparten av tiandeklassingane ut i yrket.

Må få ungdomen på kroken

Fiskeri- og havbrukspolitisk talsperson i Høgre, Olve Grotle, meiner det er eit teikn i tida at ungdom vil nærare naturen når dei vel seg yrke.

– Næringa må vere om seg no og gripe fatt i all ungdommen som ynskjer å bli fiskarar, og slik sikre seg arbeidskraft i åra framover, seier han.

I tillegg har arbeidsforholda betra seg betrakteleg i seinare år, fortel Kåre Heggebø, leiar i Noregs fiskarlag.

Han trekk fram spenning, gode pengar og betre arbeidsvilkår når han fortel kva som har løfta populariteten til yrket.

– Det er meir regulerte arbeidstider no i motsetnad til slik det var for 20-30 år sidan, meiner Heggebø som sjølv gjekk inn i bransjen under heilt andre kår enn i dag.

Fleire populære kontoar på sosiale medium som TikTok, deler innhald frå livet på sjøen. Ein av dei er Benjamin Bakke.

I løpet av halvanna år har han gått frå å ha ein halv million til over 4 millionar følgarar.

Les også Fiskeren Benny (24) følges av en halv million

Benjamin Bakke på jobb på fiskebåten Udvaar 111.

– Betre marknadsføring av yrket enn det desse folka gjer er nesten uråd å få til, seier Grotle.