Stine (18) valde utradisjonelt: – Ein fordel å vere jente på yrkesfag

FLORØ (NRK): Snart skal tiendeklassingar velje kva for linje dei skal gå på vidaregåande. – Dei aller fleste tek kjønnstradisjonelle val, seier forskar.

Stine Kjørslevik utdannar seg til å bli betongarbeidar.

UTRADISJONELT: – Gutar er jo generelt sett sterkare enn jenter, men det betyr ikkje at ein skal sjå ned på jenter som tek ei sånn utdanning, seier Stine Kjørslevik. Ho utdannar seg til å bli betongarbeidar.

Foto: INA CHRISTIN LØVSETH / NRK

1. mars er søknadsfrist for inntak til vidaregåande opplæring. Sjølv om elevar kan velje kva dei vil, kjem dei aller fleste til å velje kjønnstradisjonelt.

– Eg har knapt møtt nokon som meiner det er negativt at eg som er jente har valt denne utdanninga. Men du har framleis dei som meiner at dette er meir for gutar, seier Stine Kjørslevik.

For snart to år sidan valde 18-åringen frå Svelgen bygg- og anleggsteknikk då ho søkte vidaregåande opplæring i Florø.

Det er langt frå vanleg. Av dei over 8000 som gjekk på denne linja førre skuleår, var kun fem prosent jenter.

– Første året eg gjekk her var vi berre to jenter i klassen. No er vi fem jenter i ei klasse på rundt 20 elevar. Så eg merker at fleire tore å velje utradisjonelt.

Kjørslevik trur at betre tilrettelegging er ei av årsakene.

– Det er ikkje like tungt for jenter å ta denne utdanninga. Vi har fått fleire hjelpemiddel, noko som gjer at jenter har større sjanse for å greie å ta utdanninga.

Stine Kjørslevik ved Florø vidaregåande skule

SIKKER: – Eg har eigentleg alltid hatt interesse for dette faget, seier Stine Kjørslevik. Ho visste tidleg kva ho skulle bli.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Klare kjønnsmønster

Sjølv om det har skjedd nokre endringar dei siste ti åra, så vel mange gutar og jenter stort sett tradisjonelt, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Blant anna gjekk 15.641 jenter helse- og oppvekstfag, mens berre 3672 gutar gjekk same linja skuleåret 2018-2019.

– Det er framleis klare kjønnsmønster blant unge når dei vel utdanning. Ein stor årsak til dette er at arbeidsmarknaden framleis er veldig kjønnsdelt, seier Kristoffer Chelsom Vogt ved Universitetet i Bergen.

.

Kristoffer Chelsom Vogt, førsteamenuensis ved Universitetet i Bergen

TILTAK: – Noko som kan vere veldig viktig er å betre legge til rette for at folk kan velje utradisjonelt, seier Kristoffer Chelsom Vogt. Han er førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen ved Sosiologisk institutt.

Foto: Charlotte Littlefære Tertnes

– Det har vist seg å vere særleg vanskeleg å få gutar på yrkesfag til å velje fag som helse- og oppvekst. Det kan jo ha noko med at tradisjonelle kvinneyrke ofte har veldig låg løn og låg status.

Han fortel at ein konsekvens av at kjønnsdelinga vert haldt ved like er at moglegheitene til både gutar og jenter vert innskrenka.

Må bli meir attraktivt

Dei siste åra har det vore størst fokus på å få jenter til å velje realfag, noko som har vist seg å ha ein effekt. Fleire jenter tek høgare utdanning, noko som tidlegare var dominert av gutar.

– Men det har ikkje vore så mange tiltak når det kjem til kjønnsdelte val på vidaregåande. Der er det sikkert meir ein kan gjere, seier Vogt og held fram:

– Eg trur ikkje vi får til store endringar før ein gjer det å gå ut i dei kjønnsdelte yrka til eit meir attraktivt alternativ, og gir betre oppfølging til dei som vel utradisjonelt.

Rekrutterer jenter

I medlemsorganisasjonen Hub for Ocean jobbar dei blant anna med å oppmuntre jenter til å velje utradisjonelt.

– Vi har eit årleg arrangement der vi rettar oss mot jenter i 9. klasse i Florø og Eikefjord. Målet med dette er å opplyse, vise dei moglegheiter, fjerne tabu og få dei til å tenke utanfor boksen, seier Kristin Svardal.

Svardal fortel at elevane får møte kvinnelege rollemodellar som jobbar i yrke som tradisjonelt sett ikkje er så vanleg for jenter.

Kristin Svardal i Hub For Ocean

TRADISJONELT: – Eg trur vi framleis tenker tradisjonelt i val av utdanning, seier Kristin Svardal i Hub For Ocean.

Foto: Lisa Giil Photography

– Veldig mange av jentene melder tilbake at dei ikkje visste at mange av desse yrka eksisterte eingong. Fleire får seg ein augeopnar i forhold til at det finst fleire moglegheiter enn det dei først hadde tenkt.

Sjølv om organisasjonen har eit fokus på å oppmuntre jenter til å velje utradisjonelt, så seier Svardal at det er viktig med mangfald på alle arbeidsplassar.

– Det er viktig for både arbeidsmiljø og resultat at ein greier å ha med seg begge kjønn.

Fordel å vere jente

Kjørslevik fortel at ho har fått mykje støtte i val av utdanning. Både frå foreldre og lærarar, men også frå bedrifter.

– Næringa ønsker fleire jenter på bana. Det blir eg fortalt no når eg søker meg som lærling òg, at eg har ein stor fordel som jente.

No håper ho at både jenter og gutar skal velje meir utradisjonelt.

– Eg vil anbefale alle tiendeklassingar som lure på om dei skal søke yrkesfag, å faktisk gjere det. Ein blir ikkje låst då ein kan gå påbygging rett etter. Då kan ein jo bli nesten kva ein vil.