Hopp til innhold

Unge tek pause frå sosiale medium

Fire av ti nordmenn ynskjer seg «digital avrusing». I sosiale medium har «Jomo» eller «gleda ved å sleppe unna» blitt ein trend.

Har du nokon gong vore på konsert, og enda opp med ein full kamerarull på mobilen?

– Du treng ikkje filma eller ta bilete av alt for å hugsa det, meiner Benedikte Vederhus (27).

Ei undersøking frå Kantar Sifo viser at kvar tiande nordmann kan tenka seg ein mobilfri ferie. Vidare seier meir enn ein tredel av respondentane (37 prosent) at dei kan tenka seg ein detox («avrusing») frå sosiale medium som Facebook og Instagram.

For nokre år tilbake vart omgrepet Fomo («fear of missing out») skapt, om frykta for å gå glipp av noko. Ofte oppstår denne følelsen i samanheng med å vere på sosiale medium.

Det siste året har i staden eit nytt omgrep fått feste: «Jomo», eller gleda ved å kople ut og sleppe unna – «Joy of Missing Out».

Etter fleire episodar der mobilen tok overhand i sosiale settingar, bestemte Vederhus seg for å legga mobilen vekk ei heil helg. Ho skulle møta gjengen frå folkehøgskulen igjen, og ville gje all merksemda si til dei.

– Det var veldig frigjerande.

I utakt med seg sjølv

Etter eitt år som student i ein ny by, kjente 21 år gamle Thorstein Taklo at han var i utakt med seg sjølv. Mobilen blei ein distraksjon. Han lét ikkje inntrykk og opplevingar falle på plass.

Selfie av Thorstein Taklo i allversjakke som står på eit fjell. I bakgrunnen er det usikt ut til kysten.

FJELLTUR: Etter pausen frå mobilen, har Taklo funne nye måtar å sortera inntrykk og tankar på. No vel han fjelltur over Instagram.

Foto: Thorstein Taklo

Til slutt fann han ut at han trong ein lengre pause.

– Eg følte ein fridom utan mobilen. Eg kunne berre gjera det eg sjølv hadde lyst til, utan å vera redd for å gå glipp av noko.

I to månader var han utan mobilen. Det hjelpte han å sortera tankane sine betre. Det kan vera å skriva, snakka med vennar og familie, gå ein tur eller baka brød.

No er han 25 år, og skulle han gjeve eit råd til den 21 år gamle versjonen av seg sjølv, ville det vore:

«Ikkje ver redd for å vera åleine med deg sjølv, det er jo berre deg».

Ein digital «detox»

I sommar var det kanskje fleire som låg i hengekøyene sine og kjente på «jomo».

– Det har begynt å bli ein trend, eit slags statussymbol.

Det seier psykolog og stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, Mehri Agai.

Bilete av psykolog og stipendiat Mehri Agai.

FORSKAR: Mehri Agai, psykolog og stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Terje Rudi / UiB

Ho er med på eit forskingsprosjekt om digital fråkopling.

Det er ein frivillig pause frå mobilen eller andre digitale medium. Målet er å få tilbake det som går tapt ved å vera på skjermen.

Pausen kan vera frå ein time til fleire månader. Nokre sletter appar som Instagram eller TikTok. Andre skrur av varsel og legg mobilen vekk.

Stort sett er det tre grunnar til at folk vel å ta ein pause frå digitale medium, ifølge Agai.

Summert opp handlar det om å vera til stades i augeblinken, frigjere tid til å gjera noko anna og å sikra sitt eige personvern. Årsakene treng ikkje overlappa kvarandre.

Redd for å gå glipp av noko

Venninnene Mona Brekke (17) og Ann-Oline Stuhaug Larsen (17) går andre året på Hafstad vidaregåande skule. Dei slit med å la mobilen få fred. Begge har prøvt å legga han vekk fleire gonger, utan å lykkast.

To jenter som sitt og ser på mobilane sine i lag. Dei sit i ein gang på ein skule.

SLIT MED Å TA PAUSE: Ann-Oline Stuhaug og Mona Brekke skulle ønska dei klarte å legga vekk mobilen meir enn det dei gjer.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

– Det går i nokre minutt, men eg klarer det ikkje gjennom ein heil time, fortel Brekke.

Før klokka 14 ein måndag ettermiddag, har ho sjekka mobilen 92 gonger.

Begge er redde for å gå glipp av det som skjer i gruppesamtalar på Snapchat.

– Då heng du ikkje heilt med i samtalen. Viss nokon gjer noko, vil du få det med deg før andre begynner å snakke om det, seier Brekke.

Kva kan skje om du ikkje følger med?

– Det skjer vel ikkje eigentleg så veldig mykje. Venene mine seier nok kva det gjeld uansett, men det er meir den tanken at du heng etter, seier Stuhaug.

To ideal som krasjar

Agai fortel at det både er ein trend å kople seg av, samtidig som det er forventa at me skal vera tilgjengelege og oppdatert gjennom dagen.

– Desse to ideala krasjar. Det er nesten ei umogleg oppgåve. Ikkje alle klarar å kople seg frå skjermen, seier Agai.

Agai har snakka med fleire ungdommar på vidaregåande skule i bergensområdet. Dei fortel at dei er slitne av å få informasjon frå både skulen og vennar på same apparat.

Fleire skulle ønska dei klarte å bruka mindre tid på skjermen.

– Å vera tilgjengeleg heile tida er problematisk når det er nokon andre enn deg sjølv som ønsker det. Det blir endå ei urett som ungdom må handtera på eigehand.

Har fått meir overskot

Vederhus er glad i vera med andre menneske, og det å skrolla seg nedover ei lang rekke med videoar på Instagram og Facebook stal mykje energi.

– Tida går fort når ein først er inne og ser på videoar, seier ho.

Bilete av Benedikte Vederhus. Ho sit på ein kafè.

FRIGJERANDE: Då Benedikte Vederhus la vekk mobilen ei heil helg, fortel ho at ho var meir til stades i samtalane med vennane sine.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Etter den første mobilpausen, har ho blitt meir bevisst på skjermbruken sin. Å dokumentere livet med bilete og videoar, meiner ho er fint så lenge det ikkje blir for mykje.

Ho har halde fram å ta pausar i ny og ne, men i kvardagen handlar det om å setje grenser og legga planar. Det gjev ho meir overskot.

Ho har fleire gonger blitt overraska over kor lite ho har gått glipp av ved å vera fråkopla.

– Viss det er noko du skal få med deg, så får du det med deg.