Hopp til innhold

Derfor seier vi «ein» og «man» i staden for «eg»

Er du blant dei som bruker «man», «vi» og «ein» på plassar der du like gjerne kunne sagt «eg»?

Gunnstein Akselberg

HEILGARDERER OSS: Professor emeritus, Gunnstein Akselberg, fortel at bruken av pronomenet «man» delvis kjem av eit ønske om å ikkje provosere.

Foto: Charlotte Haarvik Sanden / NRK

Man må jo berre ta seg saman når ein knotar med ei nettsak.

Eller er det eg som må ta meg saman når eg knotar med ei nettsak?

Jo, det er vel truleg det siste. Nei, det er det siste.

Fryktar å såre eller krenke

Har du tenkt over om du brukar pronomenet «man» der du eigentleg kan seie «eg»?

– Det er eit språkleg fenomen som oppstår både bevisst og ubevisst, seier språkvitar Gunnstein Akselberg.

I tilfelle der meininga er å generalisere, er det ubestemte pronomenet «ein» og «man» vanleg å bruke: Man/ein kan ikkje få i pose og sekk.

Men kvifor gjer vi det, der det er opplagt at vi siktar til oss sjølve, altså eg?

Hanna Brede (16)
– Eg brukar det i skuletimane! Då seier eg "man" i staden for "eg", for då slepp eg å ta på meg alt ansvaret for det eg seier.
– Om du for eksempel seier noko som kan fornærme nokon, så slepp du at det er din feil, fortel Hanna Brede.
Patrick Garlid (18)
– Eg trur eg gjer det i ganske mange samanhengar, seier Patrick Garlid.
– Det er kanskje ei vanesak? Når folk rundt meg gjer det, så gjer eg det også.

Å stå for det ein seier

Sissel Hatløy sit på kafé i Førde. Ho meiner det er unødvendig å gøyme seg bak ei gruppe. Kanskje vi berre må tørre å vere litt dumme av og til?

Kari Eikås (venstre) og Sissel Hatløy (77)
– Eg må jo stå for det, om det er aldri så dumt, av og til, seier Sissel Hatløy.

Til venstre: Kari Eikås. Til høgre: Sissel Hatløy.

Akselberg fortel at fenomenet delvis handlar om at vi vil unngå å stikke oss fram og stå til ansvar for det vi seier.

– Er vi redde for å vere direkte?

– Ja, eg trur det er noko med det. Det er på ein måte litt enklare, og den det gjeld slepp å stå til rette for noko, seier Akselberg.

I tillegg brukar vi man og ein for ikkje å såre, provosere eller skape unødvendige motsetnader.

Då er det enkelt å ty til eit generaliserande man, i staden for eit personleg eg.

Men det er fleire årsaker i sving.

Meir formell

«Man tillater seg herved å avgi beretning for 2001 for «Mindegaven til Norge 1914 fra det norske utflytterfolk i Nord-Amerika» (stortinget.no 2002).

I formelle samanhengar er det vanleg å bruke det ubestemte pronomenet.

Men du treng ikkje å ha lese ein einaste vitskapleg artikkel for å bruke språktrekket i eigen tale.

Det kan altså vere lettare å bruke jeg eller eg i ein uformell situasjon.

– Om det for eksempel er ein journalist som spør, eller ein annan formell situasjon, er det lett å skjule kven eller kva som gjer noko, seier Akselberg.

Å skjule kven eller kva som gjer noko

«Man gjør oppmerksom på at man har plikt til å sende inn skjemaet innen 1. desember»

Eksempelet gjer det utydeleg kven som seier eller meiner noko. I tillegg blir det mindre personleg, og meir generelt eller allment.

Dette er også vanleg i daglegtalen.

– Ein skjuler den personen som seier, meiner eller hevdar. Då slepp den personen å stå til rette for noko, seier Akselberg.

Skriftspråk som forbilde

Marlena Rivera (18)
– Kanskje "man" berre var så vanleg i alt før? At ein brukte det i alt, slik som politimann? Eg veit ikkje, seier Marlena Rivera.

«Det er dog herligt at tænke på, at man har fåt en sikker, betrygget stilling» (Henrik Ibsen, Et dukkehjem)

I vitskaplege artiklar, er det tradisjon for å unngå personlege pronomen som kan spore tilbake til eit personleg individ.

Og vegen treng ikkje å vere lang frå skrift til tale.

Man er også ein naturleg del av språkbruken i enkelte dialekter, sjølv om det ikkje tel som eit særtrekk for norske dialekter generelt.

Ordet kan likevel smyge seg inn hos nokre språkbrukarar, i alle dialekter.

– Det kan bli litt enklare å seie noko med «man», fordi det blir liksom ei gruppe, seier Patrick Garlid.