Hopp til innhold

Liv-Grete heklar eigne klesplagg: – Mange unge vil bort frå den raske moten

Mange vil bort frå «fast fashion» og klesplagg i dårleg kvalitet. Student Liv-Grete tyr heller til heklenåla og lærevideoar på SoMe.

Ei unge jente sit på ei seng. Ho hekler ein blå og grøn genser

HEKLEDILLA: På studenthybelen i Sogndal blir garnrestar til genser.

Foto: Oda F. Lødemel

– Eg slit med å finne bikiniar. Eg er på den større sida av puppeskalaen, så då blir det «dritstøgt» på meg, seier Liv-Grete Sevaldsen Ramsøy.

Løysinga blei å hekle og strikke fram sin eigen stil. Plagga tilpassar ho direkte til kroppen sin.

Liv er ikkje åleine om å lage klede til seg sjølv.

Talet hobbyhandarbeidarar auka med 18 prosent i 2020, viser ei undersøking gjort av Sifo på vegner av Oslo Met.

– Eg vil at klede skal sjå betre ut på meg. Då kan eg heller lage dei sjølv.

Oppskrifter har sogndalsstudenten aldri brukt. Fargar og mønster finn ho via sosiale medium som TikTok, Pinterest og Instagram.

Liv Grete viser fram eit blått og grønt heklestykke.

EIGEN STIL: Liv-Grete blei biten av heklebasillen då ho budde i kollektiv i Oslo. I løpet av eitt års tid har ho lært seg å hekle både balaklavaar og vesker.

Foto: Oda F. Lødemel

Uttrykk seg gjennom klede

Ingrid Vik Lysne er sy- og gjenbrukspåverkar og ein av grunnleggarane av bedrifta «Fæbrik».

Saman med Jenny Skavlan, Mari Nordén og Ingrid Bergtun sel ho syoppskrifter og held digitale sykurs.

Lysne trur at mange unge ønsker seg bort frå den generiske, raske moten, der alt ser likt ut og er i dårleg kvalitet.

Ingrid Vik Lysne

LAGAR EIGNE KLEDE: Ingrid Vik Lysne trur mange unge vil bort frå den raske moten.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Å vere seg sjølve, tore å gå sin eigen veg og å lage eigne klede er ein del av den bølga.

I tillegg til å uttrykkje seg sjølv gjennom klede, ønsker fleire unge å vere miljøbevisste i klesvegen, meiner Lysne.

– Det er viktig for mange å ha klede som passar godt og som ein kan bruke lenge, seier sygründeren.

Les også Fra «aldri god nok» til stolt vinner av Symesterskapet

Guro Flaten fra Symesterskapet

– Tilbake til bestemorgreia

Mens foreldregenerasjon gjerne tok utgangspunkt i strikkeoppskrifter, finn mange unge inspirasjon på SoMe.

Innlegg tagga med hekling, eller «crochet» på engelsk, har heile 6,3 milliardar visningar på TikTok.

– SoMe er som skapt for å dele informasjon og kreative prosjekt fordi det er så visuelt, seier Lysne. Ho er overtydd om at sosiale medium har bidratt til at fleire har fått auge opp for handarbeid.

På videoappen finn ein også tekstilkunstnar og heklepåverkar Frida Hollund. Her viser ho fram hekling til 24.100 følgarar. Påverkaren har ein tanke om kvifor unge har funne fram heklenålene igjen.

– Den bestemorgreia med blonder, dukar og hekling hadde foreldra våre heilt opp i halsen. Vi blei skjerma frå det sidan foreldra våre syntest det var heilt grufullt, meiner ho.

No er sirkelen slutta, og unge ser på hekling som trendy igjen.

– Ein kan skape noko sjølv og lage alle mogelege uttrykk.

Les også Lønner seg for butikkene å kaste nye klær fremfor å gi bort

Nye klær donert til Fretex