Hopp til innhold

Dette hotellet tek i bruk nye metodar for å halda på dei unge

Hotellnæringa slit med å få tak i ung arbeidskraft. No har dette hotellet teke i bruk utradisjonelle metodar.

Synne Gule og Malene Rogdaberg Trå i hotellhagen i Øystese. Dei er hotelldirektør og marknadssjef for ei veke.

Synne Gule og Malene Rogdaberg Trå skal lage hagefest. Ei trillebår skal bli til trillebar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Midt i hotellhagen står ei trillebår.

Rundt dansar to unge damer med kvar sin sprayboks og fargar av gul og grøn kjem til syne.

– Den skulle eigentleg ha vore grøn, men gul er stilig det og, seier Synne Gule.

Ho er 22 år gamal og har fått ny tittel denne veka. Hotelldirektør.

På Hardangerfjord Hotel i Øystese er nemleg alle tilsette over 30 år blitt kasta ut av hotellet.

I ei veke skal dei unge medarbeidarane ha ansvar for heile drifta av hotellet.

– Stas

Målet er å motivera og visa kva moglegheiter som finst, og gje dei unge sjansen til å tenka nytt.

– Dei eldre har stor tillit til oss som tenker at vi kan driva heilt åleine, men vi trur det kjem til å gå fint, seier Gule.

Den spraymåla trillebåra skal bli til ein trillebar til hagefesten dei har planlagt denne veka dei har drive.

– Vi må jo visa at vi har regjert her på hotellet denne veka, seier Malene Rogdaberg Trå (23) som no får prøva seg som leiar for event og marknadsføring.

Karina K. Vågen er eigentleg lærling, men har blitt hotellsjef for dei veke.

Karina K. Vågen er eigentleg lærling, men er hotellsjef denne veka.

Foto: Tale Hauso / NRK

Det er mange på hotellet som har fått heilt nye arbeidsoppgåver.

Restaurantsjefen er berre 19 år gamal og er til vanleg servitør. Hotellsjefen er til vanleg lærling og står i resepsjonen.

– Det er stas å få ei slik moglegheit. Fleire hotell skulle gjort det same, seier Gule.

Kasta ut av direktørstolen

Tanja Borge er til vanleg direktør ved Hardangerfjord Hotel, men denne veka har ho reist på hytta.

Ho veit ikkje kva planar dei unge har for veka. Einaste ho får med seg er det som står i sosiale medium.

Tanja Borge sit på hyttekontor.

Tanja Borge er kasta ut av direktørstolen og sit på hyttekontor.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er veldig spennande. Vi har mange unge talent og då kom ideen om at dei kunne få prøva seg ei veke åleine, seier ho.

Dei unge sit med ansvar for område utanfor det som er normalt for dei. Borge håpar det vil gje dei eit kompetanseløft og læra meir om moglegheitene som finst i næringa.

Utfordringar med rekruttering

For det er ei utfordring med rekruttering i hotellnæringa. Spesielt å få norsk ungdom til å jobba på hotell. Og ikkje minst, få dei til å bli der.

– Vi håpar vi kan sleppa å importera arbeidskraft når vi ønskjer å bygga vidare på lokalt og unge.

Borge har jobba innan hotelldrift sidan 1991. Ho håpar denne veka kan gjera at fleire unge ønskjer å bli.

– Eg håpar det viser kor kjekt det er å vera i denne bransjen, og breidda i arbeidsoppgåver og at vi kan finna på mykje gøy. Kanskje dei som skal ut å studera tenkjer å gå i retning hotelldrift og kjem tilbake til oss.

Unge tar over drifta av hotellet i Øystese

Tobias Pedersen er mellom dei som har fått nye arbeidsoppgåver.

Foto: Tale Hauso / NRK

7 av 10 manglar tilsette

Pandemien har ført til akutt behov for arbeidskraft i hotellbransjen.

Ifølgje NHO Reiselivs ferske medlemsundersøking svarer 7 av 10 hotell og overnattingsbedrifter at dei manglar tilsette.

Det er ei stor utfordring, då mange hotell melder om svært gode bestillingar føre årets sommarsesong, seier Merete Habberstad, kommunikasjonsdirektør i NHO Reiseliv.

Ho meiner alle prognosar viser at norsk reiseliv vil reise seg igjen.

Får lyst å bli

Tilbake i hotellhagen er trillebåra ferdig. No må den tørka før den skal innehalda is og leskande drikke til hagefesten.

Dei to unge damene er klar på at dei ønsker å bli. Dei meiner Hardanger ein kul plass å jobba og ein spennande reiselivsdestinasjon som er på veg opp.

– Det er difor eg har flytta tilbake til Hardanger, seier Trå.

Ho trur grunnen til at det er høg «turnover» i bransjen er at mange unge berre har hotelljobbar som ein tilleggsjobb.

Synne Gule og Malene Rogdaberg Trå.

Synne Gule og Malene Rogdaberg Trå ønskjer å bli i hotellnæringa.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Dei gløymer at dei kan ha det som ein skikkeleg jobb.

– For du har tenkt å bli?

– Eg har tenkt å bli. Utan tvil. Det at vi får lov til å utvikla oss, gjer at ein får lyst å bli lengre, seier den fungerande event- og marknadsleiaren.

Også den fungerande hotelldirektøren har bestemt seg for å bli i hotellbransjen.

– Dette er vegen eg vil gå. Og kanskje ein gong i framtida er det hotelldirektør eg har lyst å bli, smiler Gule lurt.