Hopp til innhold

Unge er flinkare enn foreldra til å bruke solkrem

Ny undersøking viser at folk over femti brukar minst solkrem. Blant forklaringane er at sosiale medium har fått ungdom til å skjerpe vanane.

Solkrem

SMØR SEG: – Unge er flinkare enn foreldregenerasjonen, seier generalsekretær i Kreftforeningen.

Foto: Iris Straume

Lysare tider. Varmare temperaturar. Lukta av nyklipt gras.

Det er fleire teikn på at sommaren er rundt hjørnet.

– Når det er sommar og varmt, så pleier eg å bruke solkrem kvar dag, seier 18 år gamle Julie Eide frå Førde.

På Apotek 1 i Førde har dei merka at det er fleire unge som kjem inn for å sjå i solkremhyllene.

At ungdom har fått auga meir opp for solkrem har fleire årsaker.

Elisabeth Jamaris og Julie Eide brukar solkrem ofte.

BRUKAR SOLKREM: Elisabeth Jamaris (18) og Julie Eide (18) er oppteken av å bruke solkrem for å beskytte seg og ta vare på huda.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

– Spesielt på TikTok har det blitt meir populært med hudpleie, og då er solkrem gjerne ein viktig del av rutinen, seier 20 år gamle Sofie Gjesholm Haugland, som arbeider på apoteket.

Ei ny undersøking frå Kreftforeningen viser at 9 av 10 unge (89 prosent) i alderen 18–24 brukar solkrem.

I aldersgruppa 55–64 er det same talet 76 prosent (sjå faktaboks).

– Dei unge er flinkare til å beskytte seg i sola enn foreldregenerasjonen var då dei var unge, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.

På Apotek 1 i Førde ser ein fleire unge i solkremhyllene.

POPULÆRT: Solkrem har blitt meir populært blant ungdom. Sosiale medium og råd frå foreldre er nokre av årsakene.

Foto: Ole Kristian Svalheim / NRK

Om lag 9 av 10 tilfelle av hudkreft har samanheng med for mykje sol eller solarium. Risikoen aukar aller mest om du ofte blir solbrent.

– Vi er uroa for den sterkt aukande førekomsten av melanom (føflekkreft). Her er dei unge ei nøkkelgruppe, som kan etablere sunnare vanar i sola tidleg i livet, seier Trude Eid Robsahm, som er forskar ved Kreftregisteret.

Kvinner flinkare enn menn

Den siste solvaneundersøkinga til Kreftforeningen viser kvinner er flinkare til å beskytte seg enn det menn er.

92 prosent av kvinnene som er spurt svarer at dei brukar solkrem for å beskytte seg mot sola i Noreg, medan 72 prosent av menn svarer det same.

Nøyaktig kva desse forskjellane kjem av veit vi ikkje sikkert. Om det handlar om at kvinner har eit meir bevisst forhold til å beskytte og ta vare på huda, eller om dei berre har betre innarbeidde vanar og rutinar, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.

Solspray

BRUK SOLKREM: Nordmenn er i toppen av førekomst av visse typar hudkreft. God bruk av solkrem og mindre tid i sola kan snu trenden.

Foto: Camilla Veka/NRK

Noreg er på fjerdeplass i verda i førekomst av visse hudkrefttypar, og har høgast dødstal i Europa av den mest alvorlege varianten av føflekkreft (malignt melanom).

– Vår utfordring i nord ser ut til å vere at vi blir litt for ivrige når sola endeleg kjem, eller at vi reiser til solrike strøk, seier Ingrid Stenstadvold Ross.

Melanom er den nest vanlegaste kreftforma i aldersgruppa 25–49 år.

NRK forklarer

Fakta om hudkreft

Fakta om hudkreft

Noreg ligg på verdstoppen når det kjem til tal på tilfelle av hudkreft.

Fakta om hudkreft

Det er rekna at om lag 90 prosent av hudkrefttilfella i Noreg skuldast UV-eksponering frå sol og solarium, hovudsakeleg frå sol.

Fakta om hudkreft

Risikoen aukar jo meir solarium du tek, og dess yngre du er når du byrjar.

Kilde: Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Kostar 6,5 milliardar årleg

Dei årlege totale kostnadene for samfunnet knytt til hudkreft er anslått til om lag 6,5 milliardar kroner.

Det viser tal frå Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA).

Med aukande tal på eldre og tilgang til nye livsforlengjande medisinar, er det forventa at kostnadane knytt til hudkreft vil auka i åra som kjem.

– Solkrem aleine gjev ikkje nok vern, seier Ingrid Stenstadvold Ross i Kreftforeningen.

Ho legg til:

– Både unge og gamle bør derfor huske på at dei må bruke solkrem saman med, og ikkje i staden for, skugge og kleder.