Hopp til innhold

Ungdomsopprør i sjukehussaka

Ungdommen i Lærdal, Årdal og Aurland vil ikkje bu i Indre Sogn om Lærdal sjukehus vert nedlagd.

Lærdal sjukehus

Lærdal sjukehus

Foto: unknown / NRK

- Dersom det vert slik at me kanskje må føda ungane våre i ein ambulanse på
veg til Førde, eller dersom me må reisa i timevis når ungane våre har brote foten, ja då vel me ikkje Indre Sogn som vår bustad, står det i eit brev frå ungdommen i Lærdal, Årdal og Aurland i eit brev til helse- og omsorgsministeren.

- Lokal katastrofe

Lærdal ungdomsråd sette i byrjinga av oktober i gang eit ungdomsopprør mot nedlegging av Lærdal sjukehus. Saka vart sendt vidare til Årdal og Aurland kommune, med oppmoding om samarbeid. Dei engasjerte ungdommane skreiv også brev til helse- og omsorgsminister Anne Grethe Strøm-Erichsen. I brevet står det vidare:

- Ein jobb vil me også ha. Lærdal sjukehus rommar arbeidsplassar i hundretal, og det vil verta ein lokal katastrofe dersom sjukehuset vert nedlagd. Me har ikkje råd til å miste så mange arbeidsplassar. Ei nedlegging er i strid med det du, og dine regjeringsmedlemmar, lova oss i Soria Moria 2.

Fyrstkomande fredag skal representantar frå Lærdal ungdomsråd overrekke
underskriftene dei har samla saman i opprøret til Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete. Ho skal vidareformidla oppropet til Helse- og omsorgsministeren.