Hopp til innhold

Ungdom med støtte for omstridd vindkraftprosjekt

Det er steile frontar i vindmølledebatten i Bremanger. – Eg trur det er mange som er positive til vindkraft men som ikkje torer seie det, seier student Jørgen Nesje.

Bremangerlandet vindpark sett frå Karihaugen i vest

VINDMØLLER: Bremangerlandet vindpark sett frå Karihaugen i vest

Foto: Katrine Bjørnstad / Ask Rådgivning

– Eg føler at dei som er positive til vindkraft ikkje får ytra meiningane sine, seier Jørgen Nesje. Han skreiv eit lesarinnlegg i Fjordanes Tidende til forsvar for vindmølleparken.

Jørgen Nesje

POSITIV: Jørgen Nesje meiner kommunen har langt større utfordringar enn vindmøller

Foto: Privat

I lesarinnlegget, som er signert av fleire på same alder, skriv Nesje mellom anna at tilflytting er ei viktig brikke for å halde oppe skular, barnehagar og legekontor.

Han meiner det er stor utryggleik rundt kommunen sin økonomi og sentralisering, og at det kan setje ein stoppar for at nyutdanna folk som han sjølv flyttar heim att til bygdene.

Nesje avsluttar med at om Bremangerlandet Vindpark vert bygd eller ikkje, kjem det ikkje til å endre synet hans på heimflytting.

Tidlegare i år synte ei undersøking utført for NRK at unge er langt meir positive til vindkraft enn andre. No ber dei politikarane om å stemme nei til planane

Etter lesarinnlegget kom eit tilsvar frå andre ungdomar. Dei meiner at eit vindkraftanlegg vil øydelegge for tilflytting til bygda, og at dei ikkje kjem til å flytte heim viss Bremangerlandet Vindpark vert realisert.

– Flott at ungdom engasjerer seg

Ordføraren i Bremanger kommune, Anne Kristin Førde synest det er flott at fleire unge deltek i debatten om vindparken.

Anne Kristin Førde, ordførar Bremanger

GLAD FOR DIALOG: Ordførar Anne Kristin Førde synest det er flott at fleire yngre stemmer deltek i det offentlege ordskiftet.

Foto: Bård Siem / NRK

Sjølv om ho set pris på auka deltaking i det offentlege ordskiftet, ynskjer ho ikkje fleire vindkraftverk i Bremanger.

– I Bremanger har me nettopp etablert to vindkraftverk, og eg har ikkje ynskje om ein tredje, seier Førde.

Ho fortel at både det visuelle, og auka kunnskap om miljømessige omsyn har gjort at ho ikkje støtter utbygginga av vindkraftparken i Bremangerlandet

– Sårt tema

NRK har tidlegare i år skrive saker om at vindkraftdebatten splittar folk i heile landet.

Slik har det òg vore i Bremanger. Nesje seier til NRK at det er fleire som er positive, men at det har blitt eit så sårt tema at det har blitt vanskeleg å stå fram.

– Det er eit vanskeleg tema å diskutere, men det er òg ein viktig debatt med tanke på at verda har globale utfordringar, og det er viktig at me klarar å utvikla berekraftige og fornybare energikjelder, fortel Nesje.

Anne Kristin Førde er einig i at debattklimaet har blitt veldig polarisert.

– Det er veldig synd. Det kan ikkje vere sånn at folk skal gå rundt å vera redd for å sei meininga si, seier Førde.

Trur på jamn votering

Ho håpar på forsoning og forståing uansett utfall av voteringa som skjer torsdag 17. desember.

– Me er vaksne menneske som er engasjerte i denne saka her, og då me òg opptre som det, seier Bremanger-ordføraren.

Ho avsluttar med at ho trur voteringa i kommunestyret blir jamn, men set ein knapp på at det ikkje vert fleirtal for å byggje ut.